5 Andre tiltak

5 Andre tiltak

Det blir foreslått løyvd 5 mill. kroner i tillegg over kap. 1023 post 71 Tilskott til utviklingstiltak. Dette skjer på bakgrunn av at det over denne posten vil bli avsett midlar til ordninga med fiskeforsøk og rettleiingsteneste, som for 1997 er føresett tildelt inntil 7 mill. kroner.

Administrasjonsdepartementet

t i l r å r :

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om støttetiltak for fiskerinæringa for 1997.



Vi HARALD, Noregs Konge,

s t a d f e s t e r :

Stortinget blir bedt om å gjere fylgjande vedtak:

I

På statsbudsjettet for 1997 blir løyvt under desse kapitla:

KapPostFormålKr
1040(Nytt) Til gjennomføring av fiskeriavtalen
70Tilskott til støtte av fiskeria m.m., kan overførast90 000 000
1023Fiskeri- og havbruksforsking
71Tilskott til utviklingstiltak, kan overførast32 280 000
mot tidlegare foreslått kr 27 280 000