Miljøvernbudsjettet 2011
Artikkel | Sist oppdatert: 18.11.2011 | Klima- og miljødepartementet
Dei siste åra har Miljøverndepartementet hatt ein god vekst i budsjetta, og dette held fram. I 2011 kjem dei største aukingane innan oppfølging og vern av naturmangfald og til tiltak i nordområda. I tillegg satsar regjeringa på miljøforsking og på innhenting av kunnskap og data. Innsatsen på klima og kulturminne blir halde oppe på eit høgt nivå.
Hovudpunkter i miljøvernbudsjettet 2011:
- Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2011 er på 4 585 millionar kroner. Det er ein auking på 114 millionar kroner i høve til budsjettet for 2010. Veksten frå 2005 har vore på over 1,8 milliardar kroner, noko som tilsvarer nesten 70 prosent.
- Arbeidet med naturmangfaldet gis ein ytterlegare auke med 80 millionar kroner.
- Miljøinnsatsen i polarstrøka blir styrka med 20 millionar kroner til oppbygging av Fram-senteret i Tromsø, som forskar på klima og miljø.
- Budsjett for vassmiljø blir auka med 15 millionar kroner. Det er starten på eit stort løft for vassmiljøet i Noreg.
- Samarbeidsprosjektet «Framtidens byer», som skal medverke til å redusere klimagassutsleppa og betre bymiljøet, blir ført vidare på same nivå som i 2010 med 35 millionar kroner.
- Til vern og sikring av freda bygningar blir det føreslått bevilga 216 millionar kroner i 2011.