Regionalnytt 1 2019

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om omstilling på Andøya, nytt fagnettverk for regional analyse, utkast til ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar og fagleg og uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen.

Innhald


Omstilling på brei front

For tredje gong er Andøy kommune i omstilling. Omstillingsprogrammet Samskap varer frå 2017 til 2023. Eitt av måla er 350 nye arbeidsplassar. – Det skal vi klare! seier næringssjef Brita Erlandsen.

Kvar gong kommunen i Vesterålen har måtta omstille seg, har årsaka vore nedlegging av militære arbeidsplassar i stor stil. Denne tredje gongen handlar det om nedlegginga av Andøya flystasjon.

– Vedtaket i november 2016 kom som eit sjokk. I ein kommune med knapt 5000 innbyggjarar får det ringverknader når 339 arbeidsplassar vert lagt ned, seier Erlandsen, som òg leier omstillingsprogrammet.

Brita Erlandsen holder innlegg for folket på Andøya.
– Omstilling er noko vi må gjere i lag. Alle skal med: næringslivet, innbyggjarane, bygdelag, organisasjonar, politikarane, kommunen, seier næringssjef og programleiar for Samskap, Brita Erlandsen. Foto: Linn Foyn Therkelsen

Alle skal med

Medverknad er høgt prioritert.
– Omstilling er noko vi må gjere i lag. Alle skal med: næringslivet, innbyggjarane, bygdelag, organisasjonar, politikarane, kommunen. Samskaping som kultur er kanskje det aller viktigaste som kan kome ut av omstillinga. Vi kan ikkje slutte å tenkje utvikling når seks år er gått og omstillingspengane er oppbrukte. Vi må utvikle ein varig innovasjonskultur. Det er det vi skal leve av i framtida, seier ho, og meiner alle har noko å lære av kvarandre.

– Vi planlegg eit eige kompetanseprogram for næringslivet, der kommunal administrasjon òg kan vere med. Det vert kurs i for eksempel prosjektarbeid og leiing. Dette vil både heve kompetansen og skape verdifulle nettverk, seier ho.

Fem personar saman om arbeidsoppgåver.
Medverknad er høgt prioritert i omstillingsprogrammet Samskap. Foto: Linn Foyn Therkelsen

Namnet Samskap er utarbeidd av ungdomsrådet i kommunen.
– Ungdomsrådet har vore med i heile prosessen for å lage ein plan for nye moglegheiter. Det er viktig å lytte til ungdommane, både dei som bur her, og dei som har flytta ut på grunn av utdanning og jobb. Samskap set perfekt ord på det vi må få til, seier Erlandsen.

Ambassadørar

At flystasjonen skulle leggjast ned, har vore vanskeleg å forstå for vesterålingane.
– Gamleordføraren brukte å seie at dei to første nedleggingane var til å begripe. Denne siste var heilt uforståeleg. Mange kjende det nok slik. Det gav grobotn for mykje frustrasjon og negativt snakk i lokalsamfunnet, seier Samskap-leiaren.

Politikarane stod lenge på barrikadane og kjempa for å få gjort om vedtaket. Næringssjefen starta å førebu omstillingsarbeidet alt frå første dag.

– Vi skjøna fort at vi måtte vekke lokalsamfunnet, og prøve å snu negativitet til optimisme. Det er viktig korleis ein snakkar om heimkommunen sin. Vi samla næringslivet, orienterte om det som hadde hendt, og det som låg framfor oss. Stemninga snudde utruleg fort. Alle tok inn over seg at dei faktisk er ambassadørar for Andøy. Men eg skal slett ikkje bagatellisere. Dette er alvorleg for alle det gjeld. Vi har greidd å reise trua på at vi skal få det til, seier Erlandsen.

No er det næringslunsj ein gong i månaden, med ulike tema. Det er næringsavdelinga og teknisk eining i kommunen som arrangerer lunsjen.

Direkte og indirekte

Mange søkjer støtte frå omstillingsprogrammet. Til no har Samskap gjeve tilsegn om 17 millionar kroner. Eitt av måla med omstillingsarbeidet er 350 nye arbeidsplassar.
– Etter det første prosjektåret kan vi notere 11 nye arbeidsplassar som er utløyste direkte av programmet, seier Erlandsen. Kanskje er ikkje det så imponerande, men dei fleste prosjekta vi har gjeve støtte til, er i ein tidleg fase, som forstudiar og forprosjekt. Når nokre av dei går over i hovudfasen, vil arbeidsplassane kome. Dessutan vil større optimisme, kurs og nye nettverksarenaer garantert føre til at fleire tør å satse, utan at nye arbeidsplassar nødvendigvis kan sporast direkte til Samskap. Berre i 2018 vorte det etablert 30 nye verksemder i Andøy, og Samskap har ikkje vore inne med støtte hos alle, seier ho.

Fleire folk

Erlandsen legg til at arbeidsplassar kanskje ikkje vil verte den største utfordringa.
– Folketalet går dessverre ned. Det er ei gjengs utfordring for distrikta. Vi treng fleire folk. Like viktig som å skape nye arbeidsplassar er det å gjere Andøy enda meir attraktiv. Vi kjem til å gå grundig til verks med å utvikle staden. I fellesskap må vi setje ord på det som er attraktivt med å bu her, og det som er identiteten vår. For å utvikle ein stad, er det mentale like viktig som benkar og brustein, men ikkje like lett å måle, poengterer ho.

Brita Erlandsen hadde det sjølv travelt med å kome vekk frå Andøy då ho var ung. Ho budde tjue år i Oslo, og hadde aldri trudd ho skulle flytte nordover att. Så skjedde det likevel, etter det ho omtalar som ein glidande overgang.
– Det gjekk opp for meg at eg oppheldt meg meir og meir i Vesterålen. Til slutt innsåg eg at eg var avhengig av å kunne sjå himmelen forsvinne i havet. Eg elskar å gå i fjellet og sleppe å stå i kø. Eg trur Andøy har noko mange utflyttarar saknar, seier ho.

Mykje å byggje på

Naturgjevne føresetnader vert viktige når Andøy skal utviklast vidare. Brita Erlandsen gjev nokre eksempel frå dei prioriterte næringane.

Ein kval som "flyg" i lufta.
Andøy har drive kvalsafari i 30 år. Signalbygget «The Whale» har fått den beste tomta i byen, og er noko å vere stolte av. Foto: Samskap

Reiseliv: – Vi har drive kvalsafari i 30 år. Signalbygget «The Whale» har fått den beste tomta i byen, og vert ein kombinasjon av museum, kunnskapssenter og opplevingssenter. Vi ser det òg som eit prosjekt for å utvikle staden. Dette vert noko vi kan vere stolte av!

Fiskeri: – Landbasert lakseoppdrett med heilt ny teknologi har ein patentsøknad inne til handsaming no. Her kan det kome rundt 80 arbeidsplassar. Ei lita verksemd spesialiserer seg på å dyrke havsalat til sushi-restaurantar rundt om i verda. Tilhøva i fjorden her er ideelle. Verksemda har òg planar om å utnytte spillvarme frå lakseindustrien.

Romteknologi: – Mykje kompetanse og infrastruktur er samla her, og Andøy vil posisjonere seg som nasjonalt senter for romteknologi og forsking. Samskap er mellom anna med og finansierer ein forstudie for Andøy Space Centers planlagde milliardutbygging. Dei ser for seg 200 arbeidsplassar. Vi har eit attraktivt luftrom, som kjem til å generere satsing frå fleire.

Ledig flystripe: At ei av dei lengste flystripene i landet no vert ledig, skal òg utnyttast.
– Widerøe vil gjerne etablere ei avdeling for vedlikehald av fly på flystasjonen, og overta mannskapa som i dag har vedlikehald på Orion-flya. Her har Samskap lagt til rette møte mellom Widerøe og Forsvaret, seier Erlandsen.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

 


Nytt fagnettverk for regional analyse

Fylkeskommunane ønskjer å styrke sitt arbeid med eigenproduserte analysar og regionale kunnskapsgrunnlag. I 2018 sette derfor fylkesrådmannskollegiet ned eit arbeidsutval for å etablere eit fagnettverk for statistikk og analyse. Fagnettverket skal ta opp tema og problemstillingar som er aktuelle, både på strategisk nivå og ulike tenestenivå i fylkeskommunane. Nettverket skal vere ein arena der analysar og kunnskap vert delt mellom fylkeskommunane.

Det er fleire fellestrekk mellom fagnettverket og det arbeidet Panda analyse gjer. Eit samarbeid med Panda analyse er derfor avtalt, med målsetting om å slå seg saman frå 1.1.2020. Arbeidsutvalet og Panda analyse etablerer no den nye organisasjonen,  med arbeidsnamn Fagnettverk for Regional Analyse – FRA kunnskap til handling.

Arbeidsområde for fagnettverket

Fagnettverket vil ha fire arbeidsområde. Arbeidsområdet kompetanseprogram vil til dømes tilby ein introduksjonsdag for tilsette som treng basiskunnskap på samfunnsvitskapeleg metode, programvare som Excel, relevante statistikk-kjelder for ulike fylkeskommunale tenester og eksempel på analysar. Eit anna døme er å arrangere nettbaserte seminar eller samlingar for statistikarar som arbeider i dei ulike tenesteområda, slik som vidaregåande utdanning. 

Arbeidsområdet fagnettverk skal legge til rette for felles kjøp av statistikk, deling av kunnskap og faglege diskusjonar som ikkje er samlingsbasert. Det kan til dømes vere aktuelt med eit diskusjonsfora for inviterte deltakarar.

Det tredje arbeidsområdet er Pandamodellen. PANDA står for plan- og analyseverktøy for næring, demografi og arbeidsmarknad, og er eit økonomisk-demografisk modellsystem utvikla for bruk i regional analyse og overordna planlegging. Omstillingsmodulen i Pandamodellen blir brukt til omstillingsanalysar.

Det fjerde og siste arbeidsområdet er dialogpartnar. Nettverket skal vere eit kontaktpunkt for offentlege aktørar og andre når dei har problemstillingar som gjeld statistikk og analyse, og som det er relevant å diskutere med fylkeskommunane.

I tillegg til fylkeskommunane er også Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og Innovasjon Noreg medlem av fagnettverket.

Fagnettverket arrangerer BATP-samling

13. mars er den første samlinga i regi av fagnettverket for regional analyse. Denne dagen er samordna bustad, areal og transportplanlegging (BATP) tema. Målet med samlinga er å adressere kva som har fungert og kva som ikkje har fungert som kunnskapsgrunnlag for BATP, og korleis desse erfaringane kan brukast vidare.

Meir informasjon?

Om du ønskjer å vite meir om fagnettverket for regional analyse, er du velkomen til å ta kontakt med:

 


Utkast til ny inndeling av kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har sett ut eit oppdrag til Transportøkonomisk institutt (TØI) om å oppdatere inndelinga av norske kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionar. Arbeidet skal vere ferdig i juni i år.

TØI har sendt ut eit utkast til inndeling i bu- og arbeidsmarknadsregionar til alle kommunar og fylkeskommunar, i tillegg til KS og Statistisk sentralbyrå, og bede om innspel. Utkastet inneheld og ei utgreiing av metoden for å avgrense bu- og arbeidsmarknadsregionane.

KMD brukar bu- og arbeidsmarknadsregionar til å avgrense verkeområdet for ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift. I forkant av kvar runde med notifisering av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift (DA-ordninga), vil det derfor skje ei oppdatering av bu- og arbeidsmarknadsregionane. Oppdateringa blei siste gong gjort i 2013. Kommunar innanfor ein og same bu- og arbeidsmarknadsregion skal som hovudregel vere i same sone for arbeidsgjevaravgift. Når det gjelder DA-ordninga, bruker vi og distriktsindeksen som tilleggsverktøy. Asplan Viak gjer for tida også ein uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen, for KMD. Sjå neste sak i nyheitsbrevet om dette.

Bu- og arbeidsmarknadsregionar vert også brukt i regionale analysar. Dei er uttrykk for funksjonelle avgrensingar av samanhengen mellom bustad og arbeid. Bu- og arbeidsmarknadsregionar er spesielt nyttig for å presentere statistikk på kart.

Ansvarleg prosjektleiar på TØI er Frants Gundersen,
Telefon: 47 28 70 03
E-post: fgu@toi.no

 

 


Fagleg og uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen

Asplan Viak har fått i oppdrag av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å foreta ein fagleg uavhengig gjennomgang av distriktsindeksen. Bakgrunnen for den uavhengige gjennomgangen er reaksjonane som følgde i etterkant av KMD sin prosess med revideringa av distriktsindeksen hausten 2017 og våren 2018. KMD varsla i statsbudsjettet for 2019 ein ekstern gjennomgang av distriktsindeksen.

Asplan Viak vil om kort tid sende eit utkast til distriktsindeks til alle kommunar og fylkeskommunar for faglege innspel. 

Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike ut distriktskommunar, og er eit uttrykk for graden av distriktsutfordringar i ein kommune.

istriktsindeksen skal derfor måle kommunane sine utfordringar knytt til geografiske ulemper i tillegg til samfunnsutfordringar som følgjer av geografiulempene.

For at enkeltkommunar skal kunne vurdere korleis gamal og ny indeks slår ut for rangeringa av distriktsutfordringar, har Asplan Viak utarbeidd ein metode som lettar slik samanlikning. Denne er presentert i rapporten. 
Fleire distriktspolitiske ordningar nyttar distriktsindeksen. Mange kommunar var, i sine innspel til KMD i fjor vinter, mest opptekne av korleis endringane i distriktsindeksen påverka omfang og fordeling av dei distriktspolitiske tilskota i inntektssystemet.

KMD vil vurdere innretninga på dei regionalpolitiske tilskota i inntektssystemet nærare, slik det blei omtalt i kommuneproposisjonen for 2019. Vurderinga vil primært handle om bruken av distriktsindeksen ved fordeling av distriktstilskota i inntektssystemet. Departementet kjem attende til dette. Det er derfor ikkje tenleg å vise fordelingsverknader i inntektssystemet av Asplan Viak sitt utkast til ny distriktsindeks no. Departementet vil framleis nytte den same distriktsindeksen som blei nytta i inntektssystemet for 2019, også i fordelinga av distriktstilskota i 2020.

 


Innovasjonspartnarskap

KMD har for 2019 tildelt 24 millionar kroner til Innovasjonspartnarskap. Dette er ei ordning i Innovasjon Noreg, der norske kommunar og etatar går saman med næringslivet for å utvikle nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar. Det er Innovasjon Noreg som lyser ut midla.

Målet med Innovasjonspartnarskap er auka produktivitet, reduserte kostnader og auka kvalitet i tilbod og tenester i offentleg sektor, og nye marknadsmoglegheiter for næringslivet, som bidreg til å løyse store offentlege behov og samfunnsutfordringar.

KMD er oppteken av tydinga offentleg sektor har for arbeidsplassar og livskvalitet i heile landet. Små kommunar vil framover stå framfor strukturelle utfordringar, som mangel på arbeidskraft og vekst i omsorgsbyrde. Utfordringane gjev eit særleg behov for innovasjon. Derfor er det viktig at ordninga bidreg til å utvikle løysingar for offentleg sektor i distriktsområde. 

 


Berekraftige transportløysningar i Bergen

Bergensarane får tilgang til elbiler, syklar, kollektivtransport og ladestasjoner via Norges første delingspunkt. På denne måten vert bergensarane meir mobile. Samstundes gjev det ein tydelig klimagevinst og betre luft i byen.

Prosjektet kom i gang etter at eit liknande tiltak blei starta opp i Bremen gjennom Interreg-prosjektet SHARE-North. I prosjektet samarbeider partnarar frå Noreg, Sverige, Tyskland, Nederland, Belgia og Storbritannia om delingsøkonomiske løysingar, for å leggje til rette for meir berekraftig transport i Europas byer og utkantar. Bergen kommune deltek som prosjektpartnar frå Noreg.


INTRANSIT – nytt senter for forskings- og innovasjonspolitikk

Det er behov for omstilling i næringslivet for å skape vekst, nye arbeidsplassar og sikre fleire bein å stå på. Det nye forskingssenteret INTRASIT skal utvikle kunnskap om korleis politikk og offentlege verkemiddel bør utformast for å bidra til denne omstillinga. Forskingsrådet har delt ut i alt 42 millionar kroner til forskingssenteret.

INTRANSIT står for Centre for the study of innovation policy for industrial transformation, sustainability and digitalization. Forskingssenteret er ein del av Forskingsrådets program for forskings- og innovasjonspolitikk, FORINNPOL. Føremålet er å bidra til eit sterkt og relevant kunnskapsgrunnlag for utforming og gjennomføring av forskings- og innovasjonspolitikk. Korleis regionale ulikheiter i innovasjonssystem vil slå ut, og kva som mest effektivt løyser ut omstilling og innovasjon. Det vert lagt særskilt vekt på omstilling i viktige næringar som olje og gass, leverandørindustrien, maritim næring, marin næring og vareproduserande industri.

Senteret er lagt til Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) ved Universitetet i Oslo. Det er professor ved TIK Taran Thune som leier senteret. Samarbeidspartnarar i senteret er SINTEF, Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, og University of Utrecht i Nederland. Medrekna eigenfinansiering får senteret eit samla budsjett på vel 64 millionar kroner.

Arbeidet vil starte opp så raskt som mogleg i 2019, og har ei funksjonstid på 8 år.

 


Rettleiar for utgreiing av verknadar for sysselsetting og tenestetilgang i distriktsområde

Måla for distrikts- og regionalpolitikken er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og bærekraftige regionar i heile landet. Det er lagt vekt på å styrke regionale arbeidsmarknader og å sikre befolkninga tilgang på tenester. Ny rettleiar konkretiserer korleis dette kan gjerast. Rettleiaren skal lette arbeidet i departementa i samband med utgreiing av politiske initiativ.

Rettleiaren er eit tillegg til utredningsinstruksen og erstattar Veileder for distriktsmessige konsekvensutredninger av 1. mai 1998

 


Nye rapportar

 


Kva skjer

Kirkeneskonferansen, 27. februar, Kirkenes.

Tema for konferansen er ulike sider av nordområdeutviklinga, på grensa mellom politikk, nærings- og samfunnsutvikling. Konferansen vert arrangert av UD, Kirkenes næringshage, Sør-Varanger kommune og Barentssekretariatet.

Utmarkskommunenes sammenslutning (USS) landsmøte, 28.-29. mars, Stjørdal.

Tema på årets møte er mellom anna arealpolitikk og oppfølging av regionreforma, og NOU om ny fjellov. Her deltek statsråd Monica Mæland.

High North Dialogue, 3.-4. april, Bodø.

Målet for konferansen er å diskutere og utvikle idear som skal bidra til den økonomiske utviklinga av den arktiske regionen. Framtidige scenario, utvikling på tvers av sektorar og styring for å sikre bærekraftig vekst vert særleg vektlagt. Nordland fylkeskommune og Nord universitet arrangerer konferansen.

Østersjøprogrammets årskonferanse, 9.-10. april, Lübeck.

Tema på konferansen er samarbeid på tvers av landegrenser, regionar og byer. " Korleis bidra til å løse felles utfordringar som går over grenser? La oss snakke om kva me oppnår." Blant konferansedeltakarane vil det mellom anna vere representantar frå Overvåkingskomiteen, nasjonale underkomitear, prosjektpartnarar, programmets hovudsekretariat, samt koordinatorar frå EUs strategi for Østersjøregionen. Interreg arrangerer konferansen.

Den europeiske regionveka (EWRC), 7.-10. oktober 2019, Brussel.

Nokre av temaa for konferansen er framtida til EU og rolla til byar og regionar, eit Europa nærare innbyggjarane og eit grønare Europa. Veka vert arrangert av Regionkomitéen (CoR) og Europakommisjonens direktorat for regionalpolitikk (DG Regio), i tillegg til regionale partnarar.

 


Lenker til andre nettsider og nyhetsbrev: 

 


Om Regionalnytt

Gitt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Anne Karin Hamre. Redaktør: Beate Solem.

www.regionalnytt.no  E-post: regionalnytt@kmd.dep.no

Abonner på Regionalnytt.