Månadens eksempel: Korleis bli ein «inkluderande kommune»
Artikkel | Sist oppdatert: 13.10.2016 | Kommunal- og distriktsdepartementet
I laupet av hausten går Vekstbedriftene (ASVL) i gang med prosjektet «Inkluderende kommune», som mellom anna har som mål å få fleire tilsette med nedsett arbeidsevne i kommunane.
Prosjektet er innretta for å gje betre kommunikasjon, meir samhandling og ei berekraftig ressursutnytting mellom Vekstbedriftene og eigarkommunane.
5 pilotbedrifter med sine eigarkommunar er allereie i gang med førebuingane; Lisand (Tvedestrand, Gjerstad, Vegårshei, Risør), Remonter (Nesodden), Leva-Fro (Levanger og Frosta), Sandnes Pro-Service (Sandnes og Gjesdal) og Bopro (Bodø). Bedriftene vil i løpet av hausten kartleggje praksis- og samhandlingsarenaer som kan føre til tettare og meir berekraftig samarbeid mellom eigarkommunen og vekstbedriften.
-Moglegheitene for samhandling er mange, seier Dag Sandvik, direktør i ASVL.
-Alt frå tilbod innan busetjing av flyktningar, organisering av aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar, yrkesnorsk for minoritetsspråklege til jobbfrukt, klipping av plen, sikkerheitsmakulering og levering av internpost. Her er det berre fantasien som set grenser. Og det beste av alle; ressursane blir i kommunen. Vekstbedriftene er ideelle verksemder der det ikkje sit private eigarar som tek utbytte, seier han.
-Vi ønskjer å sjå på både tilsetjings-, og innkjøpsregelverket for å leggje til rette for auka samhandling. Saman med kommunane, Vekstbedriftene, styresmaktene og fagrørsla ønskjer vi å leggje til rette for at kommunane lukkast med IA-avtalen (og då spesielt delmål 2), samt oppdagar den fantastiske ressursen dei har i den lokale Vekstbedriften, seier ein engasjert Rune Kvarme, nytilsett senior-rådgivar i ASVL og prosjektleiar for «Inkluderende kommune».
-Her er det mange moglegheiter, og berre vinn-vinn, seier han.