Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet er eit forvaltningsorgan under Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet med myndigheitsansvar overfor norskregistrerte skip og utanlandske skip som går inn til norske hamner.

Direktoratet  tar seg også av funksjonen som realregister. Registrering i Norsk Internasjonalt Skipsregister, NIS, og Norsk Ordinært Skipsregister, NOR (medrekna skipsbyggingsregisteret) sikrar rettsvernet for eigar og panthavar.

Det overordna målet til Sjøfartsdirektoratet er at Noreg skal vere ein attraktiv flaggstat med høg sikkerheit for liv, helse, miljø og materielle verdiar.

I saker som gjeld miljøtilhøve knytt til det enkelte skip og vern av det marine miljøet, er direktoratet underlagt Klima- og miljødepartementet.

Sjøfartsdirektoratet hjelper Petroleumstilsynet med å handheve petroleumslova på norsk sokkel, og har tilsynsmynde med fritidsfartøy som kjem under reglane om CE-merking.

Tildelingsbrev, instrukser og årsrapporter

Nettside: http://www.sdir.no/