Administrasjonsavdelinga
-
Assisterande departementsråd Henning Henriksen
Henriksen er leiar i Administrasjonsavdelinga i Kulturdepartementet.
E-post: Henning.Henriksen@kud.dep.no
Telefon: 22 24 78 84
Avdelinga har følgande seksjonar:
-
Personal- og organisasjonsseksjonen (AD1)
Seksjonen har ansvar for rekruttering, personal- og lønsforvaltinga i departementet og har særskilt ansvar for leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg har seksjonen systemansvar for planlegging og for drift og utvikling av intranettet. Koordinering av arbeid med helse, miljø og sikring (HMS) og avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA) ligg òg til denne seksjonen.
-
Økonomiseksjonen (AD2)
Seksjonen har ansvaret for samordning av arbeidet med statsbudsjettet og statsrekneskapen. I tillegg har seksjonen ansvar for interne økonomisystem, internbudsjettet i departementet, utvikling og vedlikehald av styringsdokument på økonomiområdet, økonomiforvalting og rekneskap, og regelverk knytt til budsjett- og økonomiforvalting. Seksjonen har òg ansvar for internkontroll med risikovurdering, og for offentlege innkjøp.
-
Forvaltingsseksjonen (AD3)
Seksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvalting i departementet, oppfølging og utvikling av IKT- og andre fellestenester samt generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebuande tryggleik og for beredskapssaker.
-
Eining for samordning (AD4)
Eininga for samordning koordinerer saker til regjeringskonferanse, framlegg og høyringar. Eininga koordinerer òg andre saker som krev samordna innsats, som oppfølging av FNs berekraftsmål, kontakt med kommunesektoren, og rapporteringar til Stortinget og Statsministerens kontor. Eininga har systemansvar for fagområdet intern styring og kontroll, og støttar departementsleiinga i saker som ikkje er ein naturleg del av ansvarsområdet til andre avdelingar i departementet. Ansvaret for departementet sitt intranett er òg lagt til samordningseininga.