Domstoladministrasjonen

Domstoladministrasjonen (DA) er eit sjølvstendig forvaltningsorgan, og skal vareta og støtte opp under sjølvstendet til domstolane og dommarane. DA har ansvaret for den sentrale administrasjonen av domstolane, og skal bidra til at dei er i best mogleg stand til å møte utfordringane sine.

Høgsterett, Høgsteretts kjæremålsutval, lagmannsrettane og tingrettane utgjer det som vi kallar dei alminnelege domstolane i Noreg. Desse domstolane dømmer både i sivile saker og i straffesaker.

I tillegg finst enkelte domstolar med avgrensa kompetanse. Jordskifterettane og arbeidsretten er døme på slike særdomstolar.

Domstolane blir gjerne karakteriserte som den tredje statsmakta og er ein del av det offentlege styringssystemet i ein rettsstat som byggjer på grunnprinsippa til demokratiet.

Domstolane si oppgåve er å føre kontroll med dei andre statsmaktene, og sjå til at lovgivinga er i samsvar med Grunnlova i dei sakene dei får til behandling. Domstolane kan også  kontrollere avgjerder frå regjeringa eller forvaltingsorgan i enkeltsaker.

Ifølge statsforfatninga vår er dommarane uavhengige i avgjerda av den enkelte saka. Dommarane kan ikkje instruerast i korleis dei skal dømme, og Høgsterett avgjer saker med endeleg verknad.

Nettside: http://www.domstol.no/