Salærrådet

Salærrådet gir kvart år ei tilråding og ei tilleggsfråsegn til Justis- og beredskapsdepartementet om nivået på den offentlege salærsatsen (rettshjelpsatsen), reisefråværsgodtgjersla og stykkprissatsane i straffesaker og sivile saker der det blir innvilga fri rettshjelp.

Advoktatforeningen og Justis- og beredskapsdepartementet inngjekk 24. juni 2022 ei avtale om oppretting av eit uavhengig salærråd.

Salærrådet er oppnemnt av Domstoladministrasjonen, og består av høgsterettsdommar Arne Ringnes (leiar), lagdommar Per Jordal og professor i samfunnsøkonomi Karen Helene Ulltveit-Moe.

Følgjande skal vektleggjast i tilrådinga:

  • Lønns- og prisutvikling
  • Relevante økonomiske utviklingstrekk og indeksar, slik som SSBs indeks for juridisk tenesteyting
  • Budsjettmessige konsekvensar
  • Forhold ved kostnads- og produktivitetsutviklinga ved behandlinga av straffesaker og benefiserte saker
  • Rettspolitiske målsetjingar

Kva er rettshjelpesatsen?

Rettshjelpesatsen blir brukt til å berekna godtgjersla til offentleg oppnemnte forsvarsadvokatar, bistandsadvokatar, sakkunnige, tolkar og advokatar som yter bistand etter reglane om fri rettshjelp.