Organisering av brann- og redningsetaten

Arbeidsgruppe som la fram sin rapport 2. desember 2013.

Arbeidsgruppe som har analysert korleis dei samla ressursane i brann- og redningsetaten kan nyttast best mogleg.

Arbeidsgruppe som har analysert korleis dei samla ressursane i brann- og redningsetaten kan nyttast best mogleg. Arbeidsgruppa la fram sin rapport 2. desember 2013.

Les Brannstudien (pdf) 

 

Mandat

Arbeidsgruppa skal gjennomgå korleis dei samla ressursane som i dag blir nytta i brann- og redningsetatane, kan nyttast best mogleg og i samhandling med andre beredskapsaktørar for å nå dei nasjonale måla i St.meld. nr. 35 (2008-2009) Brannsikkerhet:

  • Færre omkomne i brann
  • Unngå tap av uerstattelege kulturhistoriske verdiar
  • Unngå brannar som lammar kritiske samfunnsfunksjonar
  • Styrkt beredskap og handteringsevne
  • Mindre tap av materielle verdiar

Det går fram av stortingsmeldinga at den grunnleggjande målsetjinga for branntryggleiksarbeidet er ein nullvisjon, at ingen skal omkome i brann.

Arbeidsgruppa skal:

  1. Skildre og vurdere dagens regelverk, organisering og dimensjonering av dei kommunale og interkommunale brann- og redningsetatane og naudalarmeringssentralane (110-sentralane). Vurderinga skal inkludere både styrkar og svakheiter ved dagens situasjon.
  2. Skildre og vurdere sentrale utviklingstrekk som vil ha noko og si for brann- og redningsvesenet og naudalarmeringstenesta i åra framover. Vurderinga skal omfatte moglege konsekvensar for brann- og redningsvesenet i eit lokalt, regionalt og nasjonalt perspektiv og for etaten sin kapasitet til bidra med støtte internasjonalt.
  3. Sjå på korleis andre land organiserer brann og- redningsvesenet sitt, og særleg på modellane i dei andre nordiske landa.
  4. Utgreie og foreslå tiltak og alternative løysingsmodellar som skal sikre at dei samla ressursane kommunane bruker på brann- og redningsvesenet og naudalarmeringstenesta for brann blir best mogleg og nytta i samhandling med andre beredskapsaktørar, for å møte framtidas utfordringar og krav frå samfunnet. Det skal leggjast vekt på målretta og effektiv utnytting av dei førebyggjande ressursane til brann- og redningsvesenet. Forslag til beredskapsordningar skal byggje på lokale, regionale og nasjonale behov.
  5. Gjere greie for økonomiske og administrative konsekvensar av dei ulike forslaga til tiltak og løysingsmodellar. Forslaga skal vere innanfor dei samla ressursane som kommunane i dag nyttar på brann- og redningsvesen.
  6. Med utgangspunkt i dei ulike forslaga til tiltak og løysingsmodellar, gjere greie for naudsynte regelverksendringar.
  7. Tilrå éin modell for organisering og dimensjonering av brann- og redningsvesenet og naudalarmeringstenesta for brann, og for samhandling med andre beredskapsaktørar.
  8. Halde seg orientert om avslutta og pågåande utgreiingsarbeid med betyding for arbeidet til gruppa. Søkje informasjon og kunnskap på brei basis og ha dialog med relevante fagpersonar og kompetansemiljø.
  9. Gjennom DSB, ta opp spørsmål om tolking av mandatet med Justis- og beredskapsdepartementet ved høve.

DSB skal sende arbeidsgrupperapporten med direktoratet si tilråding til Justis- og beredskapsdepartementet innan 1. desember 2013.

 

Samansetning

Leiar:

  • Hans Kristian Madsen, avdelingsleiar, DSB

Medlemmar:

  • Anna-Karin Hermannsen, leiar førebyggjande, Sør-Trøndelag IKS
  • Henry Ove Berg, brannsjef, Sør-Rogaland IKS
  • Elisabeth Danielsen, fylkesberedskapssjef, Telemark
  • Christine Norum, rådmann, Tjøme – Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • Nils-Erik Haagenrud, brannsjef Midt-Hedmark IKS – Norsk brannbefals landsforbund (NBLF)
  • Karianne Heien Hansen – Fagforbundet/Landsorganisasjonen i Norge (LO)
  • Trond Busterud – Branntjenestens yrkesorganisasjon (BTY)/Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

I tillegg blir det arbeida med å få inn ein medlem frå eit universitetsmiljø eller liknande.

 

Meir informasjon