Utval mot alvorleg ungdomskriminalitet
NOU levert 16. oktober 2008
Styre/råd/utval | Justis- og beredskapsdepartementet
Regjeringa oppnemnde eit offentleg utval som skulle sjå på reaksjonar og tiltak mot alvorleg ungdomskriminalitet. Utvalet leverte sin NOU 16. november 2008.
Regjeringa oppnemnde eit offentleg utval som skulle sjå på reaksjonar og tiltak mot alvorleg ungdomskriminalitet. Utvalet leverte sin NOU 16. november 2008. Les utvalet pressemelding her.
Oppnemninga av utvalet var ei oppfølging av Stortingsmeldinga om alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Regjeringa ønskja å få ei grunnleggjande vurdering av korleis samfunnet kan redusere bruk av fengselsstraff for unge mellom 15 og 18 år, og korleis straffa kan tilpassast betre i dei tilfelle der fengsel likevel er naudsynt. Utvalet skulle også sjå på andre moglege tiltak samfunnet kan nytte overfor unge som gjer alvorlege brotsverk.
Utvalets mandat omfatta òg desse problemstillingane:
- gjere greie for dagens behandlings- og reaksjonssystem og peike på styrker og svakheiter
- utrede alternativ til at personar mellom 15 og 18 år må uthalde varetekt eller fengselsstraff.
- kva instansar skal ha ansvar for å fastsetje og gjennomføre tiltaka
- bør dagens system endrast til ein meir samla prosess med fleire samtidige tiltak
- kva særskilde behov har unge lovbrytarar med utanlandsk bakgrunn
- kva reaksjonar er i bruk overfor unge lovbrytarar i andre nordiske land
Utvalet skulle elles kontrollere at lovforslaga ligg innanfor ramma av Noregs folkerettslege avtalar. Dette gjeld i særleg grad FNs barnekonvensjon.
Medlemmer:
Tingrettsdommar Liv Synnøve Taraldsrud, leiar av utvalet
Statsadvokat Kaia Strandjord
Ass.direktør i kriminalomsorga Agnes Inderhaug
Politioverbetjent Johnny Steinbakk
Forskingsdirektør Terje Ogden
Fagteamleiar i barnevernet Tor Henriksen
Fagsjef i rusomsorga Frid Hansen
Miljøarbeidar Kemal Yaldizli
Psykolog Ane Heiberg Simonsen
Utvalet sitt mandat:
1. Stortinget sluttar seg i Innst. S. nr. 64 (2006-2007) til regjeringa sitt forslag i St. meld. nr. 20 (2005–2006) Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar om å oppnemne eit utval som skal utrede alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar (s. 12). Målet med stortingsmeldinga var å leggje til rette for ei grunnleggjande vurdering av korleis samfunnet kan redusere bruken av fengselsstraff overfor ungdommar mellom 15 og 18 år, og korleis straffa betre kan tilpassast denne gruppa i dei tilfella fengselsstraff ikkje kan unngåast.
Fengselsstraff utan vilkår vert oftast brukt dersom den unge har utført alvorlege lovbrot eller gjentekne straffbare handlingar. Gruppa under 18 år som til ei kvar tid sit i norske fengsel, utgjer vanlegvis mellom to og ti personar. I 2004 var den gjennomsnittlege fengslingstida for desse ca. 60 dagar. Nærare 80 % av nyinnsettingane gjaldt varetektsfengslingar, som i gjennomsnitt varte ca. 40 dagar. Pr. 12. september 2005 var sju av elleve registrerte innsette under 18 år utanlandske statsborgarar.
2. Utvalet skal beskrive dagens behandlings- og reaksjonssystem og peike på styrkjer og svakheiter. Utvalet skal vidare utrede alternativ til å la personar mellom 15 og 18 år gjennomføre varetekt eller fengselsstraff. Utvalet skal også utrede kva andre tiltak samfunnet bør ha til rådigheit for personar mellom 15 og 18 år som utfører alvorleg eller gjentatt kriminalitet. Dette kan omfatte behandlings- og omsorgstiltak, samt tiltak som motiverer den unge til sjølv å ta ansvar for eigen situasjon og eigne handlingar.
Utvalet skal finne fram til reaksjonar og tiltak som imøtekjem målgruppa sine behov, samtidig som dei sikrar omsynet til ofra og samfunnet sitt behov for vern mot kriminalitet. Utvalet skal finne fram til, drøfte og vege dei ulike omsyna opp mot kvarandre, slik at det tydeleg går fram kva omsyn som ligg til grunn for utvalet sine konklusjonar.
Utvalet skal ta i betraktning heile perioden frå pågriping til gjennomført reaksjon, samt seinare oppfølging av den unge lovbrytaren.
Utvalet skal vurdere kva instansar som bør ha ansvar for å fastsetje og gjennomføre reaksjonane og tiltaka.
Utvalet skal utrede og vurdere tydinga av lokalt tverretatleg samarbeid for målretta reaksjonar og tiltak mot alvorleg ungdomskriminalitet. Utvalet skal sjå på gode modellar for slikt arbeid, samt naudsynte føresetningar for dette, medrekna regelfesting.
Utvalet skal vurdere om det bør bli føreteke ei omlegging av dagens system i retning av ein samla prosess der ein eller fleire reaksjonar og/eller tiltak vert fastsett samtidig.
Utvalet skal bygge sitt arbeid på nasjonal og internasjonal forsking, herunder forsking om arbeidsmåtar som legg vekt på gjenoppretting, forsoning, meistring og framtid (”restorative justice”), og kunnskapsbaserte metodar retta mot unge med alvorlege åtferdsproblem.
Utvalet skal ta omsyn til og drøfte moglege samanhengar mellom rusmiddelmisbruk og kriminalitet for målgruppa.
Utvalet skal ta omsyn til at mange av dei unge lovbrytarane i målgruppa som har utanlandsk bakgrunn, kan ha særlege behov utover dei dei har felles med unge som er født og har vokse opp her i landet.
Utvalet skal i sitt arbeid ivareta kjønnsperspektivet.
3. Utvalet skal sjå på dei andre nordiske landa sine reaksjonsformer og reaksjonssystem for denne gruppa lovbrytarar, og vurdere om det derifrå kan hentast erfaringar som kan kome til nytte i utvalet sitt arbeid.
Utvalet kan søkje råd hos relevante fagmiljø ved behov.
Utvalets tilrådingar skal også omfatte forslag til nødvendige lovendringar. Lovforslaga skal utformast i tråd med anbefalingane i Justisdepartementet sitt hefte Lovteknikk og lovførebuing, 2000.
Utvalet skal sjå til at lovforslaga ligg innanfor ramma av Noregs folkerettslege forpliktingar. Barnekonvensjonen gjeld alle personar under 18 år og omhandlar så vel sivile og politiske som økonomiske, sosial og kulturelle rettar. Konvensjonen er derfor særleg relevant for utvalet sitt arbeid. Utvalet bør også sjå an korleis lovgjevinga på dette feltet er utforma i dei andre nordiske landa.
Utvalet sine forslag bør ivareta omsynet til eit oversiktleg og enkelt regelverk.
Utvalet skal vurdere behovet for ytterlegare forsking på området.
Utvalet skal utrede dei økonomiske, administrative og andre vesentlege konsekvensar som forslaga kan medføre. Økonomiske og administrative konsekvensar må vurderast opp mot forventa effekt av kvart enkelt tiltak. Utvalet skal avgje minst eitt forslag basert på uendra ressursbruk.
Utvalet vert bedd om å ferdigstille sitt arbeid innan 1. oktober 2008.