Statens sivilrettsforvaltning
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Sivilrettsforvaltninga (SRF) er ansvarleg for ei rekkje statlege ordningar som har mykje å seie for enkeltpersonar i Noreg. Desse ordningane skal styrkje rettstryggleiken og sikra rettane til kvar enkelt. SRF er også sekretariat for fleire kommisjonar og utval.
Ordningane skal sikra rettane og bidra til god rettspleie. SRF skal vere ein pådrivar for at ordningane blir styrt, forvalta og utvikla med best mogleg effekt for brukarane og samfunnet.
Ordningane inkluderer mellom anna:
- verjemålsordninga
- rettshjelpsordninga
- valdserstatning
- erstatning etter strafforfølging
- statlege tilskot til spesielle rettshjelpetiltak
- garantiordninga for bubehandling ved konkurs
SRF har vedtakskompetanse innanfor følgjande sivilrettslege felt:
- verjemål
- rettshjelp
- erstatning etter strafforfølging
- tomtefeste
- stadfesting av testamente
- saker etter valdsoffererstatningslova
SRF har etatsstyringsansvaret for statsforvaltaren på områda verjemål og rettshjelp, og for Kontoret for valdsoffererstatning.
SRF utøver også sekretariatsfunksjon for:
- Erstatningsnemnda for valdsoffer
- Stortingets utval for rettferdsvederlag
- Den rettsmedisinske kommisjonen
- Barnesakkunnig kommisjon
- Barnevernets tvisteløysingsnemnd
- Konkursrådet
- Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll
- Klagenemnda for kompensasjon og rettferdsvederlag for psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: http://www.sivilrett.no/