Sivil klareringsmyndighet

Sivil klareringsmyndigheit (SKM) er eit direktorat og forvaltningsorgan under Justis- og beredskapsdepartementet. Som den sentrale sivile klareringsmyndigheita er deira samfunnsoppdrag å beskytte nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidarar.

Dette gjer Sivil klareringsmyndigheit:

  • Personkontrollar av personar i sivil sektor med behov for tryggingsklarering (sikkerhetsklarering) eller åtgangsklarering (adgangsklarering)
  • Gjennomfører tryggingssamtalar med personar som treng tryggingsklarering eller åtgangsklarering
  • Oppslag i nasjonalt register

Sivil klareringsmyndigheit har tre strategiske mål:

Kunnskapsbasert førebygging

  • sikre tryggleik i samfunnet i ei tid kor trusselbildet stadig er i endring. I tråd med regelverket skal SKM fatte riktige avgjersler, slik at personell som får tilgang til skjermingsverdig informasjon og objekt er vurdert på ein måte som tar hand om nasjonale tryggleiksomsyn.

Effektiv saksbehandling

  • sørge for rettidige avgjersler, likebehandling og rettstryggleik. SKM skal utvikle direktoratet vidare slik at ein evnar å møte økt oppdragsmengd med same kvalitet.

Relevant aktør

  • vere ein kompetent klareringsmyndigheit som bidrar til fagleg utvikling og god bruk av ressursar gjennom heile personellsikkerheitskjeda.

Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Nettside: https://sivilklareringsmyndighet.no/