Kontoret for valdsoffererstatning / Kontoret for voldsoffererstatning
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Kontoret for valdsoffererstatning er eit statleg forvaltningsorgan som handsamar søknader om valdsoffererstatning, og gir råd og rettleiing til kriminalitetsutsette.
Om du er utsett for ei alvorleg straffbar handling, kan du ha rett på valdserstatning frå staten. Valdshandlingar og seksuelle overgrep er døme på slike handlingar.
Om du er tilkjent erstatning av domstolen
Om du er tilkjent erstatning etter å ha vore utsett for vald- eller seksualovergrep kan du ha rett på å få utbetalt heile eller delar av erstatninga frå staten. Dersom du ønskjer det, må du sende kravskjema om slik utbetaling til Kontoret for valdsoffererstatning før det har gått 6 månader etter rettskraftig dom.
Om straffesaka er lagt bort
Er straffesaka lagt bort (henlagt) kan du også ha rett på valdserstatning frå staten. Du må da sende inn søknad til Kontoret for valdsoffererstatning før det har gått eitt år etter at straffesaka er avslutta.
Klage på vedtak
Statens sivilrettsforvaltning er klageorgan for vedtak som Kontoret for valdsoffererstatning har gjort etter voldserstatningsloven, voldsoffererstatningsloven og voldsoffererstatningsforskriften.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.voldsoffererstatning.no/