Konfliktråda / Konfliktrådene
Ekstern verksemd | underliggande etat | Justis- og beredskapsdepartementet
Konfliktråda organiserer ei gratis meklarteneste, og som har til føremål å løyse tvistar mellom private partar eller mellom individ og samfunn. Konfliktrådet tilbyr arena for konfliktløysing både i sivile saker og i straffesaker.
Meklarane i konfliktrådet legg til rette for møte mellom partane i ein konflikt. Gjennom dialog kan partane finne fram til gode løysingar anten det gjeld å gjere opp for konkrete lovbrot, eller rette opp i mellommenneskelege relasjonar. Eit møte i konfliktrådet kan vere meklingsmøte, ungdomsstormøte, tilrettelagt møte, oppfølgingsmøte eller andre møter i regi av konfliktrådet.
Å førebyggje kriminalitet er eit felles ansvar for det offentlege, private aktørar og sivilsamfunnet. Konfliktrådet skal bidra til å formidle og byggje kunnskap om førebygging av kriminalitet, med vekt på tverretatleg samhandling.
Konfliktrådet er også ein del av strafferettspleia, og har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med lova, og gjennomfører dei strafferettslege reaksjonane mekling i konfliktråd, oppfølging i konfliktråd, ungdomsoppfølging og ungdomsstraff.
Konfliktrådet skal hjelpe departementet med politikkutvikling på området. Konfliktrådet koordinerer, gir fagleg støtte og rettleiing til dei kommunane i landet som nyttar seg av modellen for samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT-modellen).
Konfliktrådet administrerer også statlege tilskot til kriminalitetsførebygging, førebygging av vald i nære relasjonar og radikalisering.
Alle kommunar har eit konfliktråd, og alle kan ta kontakt med dei for hjelp og rettleiing.
Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar
Nettside: https://www.konfliktraadet.no/