Varselutvalet

Utvalet gikk gjennom varselordningane til Helsetilsynet og Ukom. Utvalet så på korleis ordningane blir praktiserte i dag, og korleis dei blir følgt opp av verksemdene, Helsetilsynet og Ukom, i tillegg til kva konsekvensar dette har for Statsforvaltaren.

Regjeringa meiner det er naudsynt med ei vurdering av kva som er utfordringane med dagens ordning. Det betyr at utvalet skulle vurdere om og i kva grad varselordningane fungerer etter formålet.

Utvalet hadde sitt første møte 3. mai. Dei skulle sjå om det var behov for endringar, og eventuelt kome med konkrete forslag til tiltak for å betre ordningane. Dei skulle også utarbeide forslag til endringar i organisering, roller, ansvar og regelverk dersom dei så at det trongst. 

Utvalet blei leia av Stein A. Ytterdahl og var sett saman av personar med både pasient-, brukar- og pårørandeerfaring, naudsynt helsefagleg kompetanse, kompetanse på pasientsikkerheit, kvalitetsarbeid og varselordningane i helse- og omsorgstenesta. Det var også juridisk kompetanse blant medlemane, særleg innanfor forvaltnings- og helserett.

Utvalet består av følgande medlem:

  • Stein A. Ytterdahl, pensjonist, tidlegare statsforvaltar i Agder og tidlegare ordførar i Farsund (leiar)
  • Per Oretorp, FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) ved assisterende generalsekretær i Personskadeforbundet LTN
  • Jannicke Bruvik, koordinerande Pasient- og brukarombod 
  • Jan Helge Dale, kommunelege og fastlege i Kinn kommune
  • Tove Hovland, seniorrådgjevar i Tønsberg kommune i avdeling: Kvalitet og internkontroll og tidlegare kommunaldirektør
  • Tonje Elisabeth Hansen, fagsjef på Nordlandssykehuset
  • Jan Petter Odden, fagdirektør ved Lovisenberg Diakonale sykehus
  • Gro Berntsen, professor ved Norwegian Centre for E-health Research 
  • Kristin Cordt-Hansen, ass. direktør i DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)
  • Charlotta George, sakkynding i pasientsikkerheit ved Socialstyrelsen i Sverige