Statsbudsjett 2025
Vil løyve 5 millionar kroner til å forske på jerv
Nyheit | Dato: 07.10.2024 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa vil setje av 5 millionar kroner til eit forskingsprosjekt på jerv i Nord-Gudbrandsdalen.
– Me treng meir kunnskap om forholdet mellom jerv og sau. Derfor foreslår regjeringa å støtte eit prosjekt som skal sjå på korleis jerven påverkar sau og lam, og korleis me kan få meir kunnskap om årsaker til tap i beitenæringa, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
I forslag til statsbudsjett for 2025 set regjeringa av 5 millionar kroner til eit fleirårig forskingsprosjekt på jerv i Nord-Gudbrandsdalen. Miljødirektoratet vil lyse ut prosjektet på vanleg måte.
Målet med prosjektet er å finne effektive tiltak som reduserer tap av sau, og som gjer det lettare å slå fast erstatning for skadar jerven har forårsaka.
– Lokalt i Nord-Gudbrandsdalen er det nå eit sterkt ønske om eit slikt forskingsprosjekt. Målet er å dempe konflikt og finne dei beste løysingane for både jerv og sau, seier Sandvik.