Vil gjere opplæringa meir fleksibel for å få fleire i jobb
Pressemelding | Dato: 24.10.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil ha fleire i jobb og færre på trygd. No foreslår regjeringa å gjere opplæringa i regi av Nav meir fleksibel og tilpassa folk sine behov. Det vil gi fleire kompetansen dei treng for å komme i jobb.
- Alt for mange står i dag utanfor arbeidslivet. Det vil regjeringa gjere noko med. Vi veit at mange har vanskar med å få ei stabil tilknyting til arbeidslivet, spesielt dei utan vidaregåande opplæring. No vil vi gjere opplæringstiltaka frå Nav meir fleksible og betre tilpassa behova folk har. Det vil styrke sjansane deira for å kome i jobb og til å bli i jobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender no på høyring forslag til endringar i opplæringstiltaka. Forslaga til endringar følger opp den nye opplæringslova og meldinga om arbeidsmarknadspolitikken.
Målet med endringane er å gjere det enklare for fleire å få heva kompetansen sin, slik at dei kan få betre moglegheiter i arbeidslivet.
- Regjeringa vil opne for å gi førebuande opplæring for vaksne innanfor opplæringstiltaket i Nav. Førebuande opplæring erstattar tidlegare grunnskule for vaksne og inneber eit meir heilskapleg tilbod og større fleksibilitet.
- Regjeringa vil utvide varigheita for dei som tek førebuande opplæring saman med fag- og yrkesopplæring.
- Regjeringa vil utvide varigheita av opplæringstiltaket for personar med nedsett arbeidsevne som treng fag frå studiespesialisering før dei tek høgare utdanning.
Vil ha fleire i jobb og færre på trygd
I meldinga til Stortinget, «En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd», som vart lagt fram 6. september 2024, foreslår regjeringa fleire tiltak for å styrke kvalifikasjonane til personar som står utanfor arbeidsmarknaden. Dette inkluderer betre tilpassing av opplæringstiltaka i Nav, slik at fleire kan få opplæring og utdanning som gir formell kompetanse.
- Vi vil gi fleire sjansen til å tileigne seg naudsynt kompetanse for å komme i arbeid. Særleg for brukarar med innvandrarbakgrunn og dei med nedsett arbeidsevne, er det viktig å skape tilpassa opplæringsløp. Vi har mykje å hente på å få folk som står utanfor inn i jobb. Det er bra for den enkelte, og det er naudsynt for samfunnet, seier Brenna.
Ny opplæringslov gir fleire rettar
Endringane i den nye opplæringslova trådde i kraft 1. august i år. Lova gir elevar fleire rettigheitar.
No har elevane rett til å gå på vidaregåande opplæring til dei har fullført, dei kan bytte utdanningsprogram og ta fleire fagbrev. Grunnskule for vaksne er no erstatta med forberedande opplæring, som gir eit meir heilskapleg tilbod innan grunnleggjande ferdigheiter, norsk for minoritetsspråklege og grunnskulefag.