Vil gjere det enklare for kommunane å gjere gode vurderingar knytt til datasenteretableringar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– For å gjennomføre det grøne skiftet og lagre viktige data i Noreg, er vi heilt avhengig av datasenterkapasitet. På same tid er det viktig at digitale tenester kan produserast og at data kan lagrast i Noreg. Når vi legg til rette for datalagring på norsk jord, er det svært viktig å ivareta nasjonale sikkerheitsinteresser, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Veilederen ble lansert av statsråd Gjelsvik på Stack Infrastructure sitt datasenter OSL03 på Fetsund. Ordfører i Lillestrøm kommune Jørgen Vik (Ap) og varaordfører Thor Grosås (Sp) var også til stede sammen med administrerende direktør for Stack i Norden, Halvor Bjerke, og Bjørn Rønning fra Norsk Datasenterindustri
Veilederen ble lansert av statsråd Gjelsvik på Stack Infrastructure sitt datasenter OSL03 på Fetsund. Ordfører i Lillestrøm kommune Jørgen Vik (Ap) og varaordfører Thor Grosås (Sp) var også til stede sammen med administrerende direktør for Stack i Norden, Halvor Bjerke, og Bjørn Rønning fra Norsk Datasenterindustri Foto: Stack Infrastructure

Regjeringa har planlagd å fremje ny ekomlov for Stortinget før sommaren. Den vil innebere registreringsplikt for datasenteroperatørar i Noreg, rapportering på kraft brukt til kryptoutvinning, og krav til forsvarleg sikkerheit på lik linje med telekomtilbydarar. No lanserer regjeringa også ein rettleiar for kommunane som står overfor mogelege datasenteretableringar.

Kor mykje kraft er tilgjengeleg i området og vil etablering kunne kome i konflikt med eksisterande eller andre planlagde etableringar, kor mange arbeidsplassar vil prosjektet kunne utløyse og er prosjektet godt nok kvalitetssikra? Dette er nokre av spørsmåla kommunar bør stille seg før ein vurderer å seie ja til datasenteretablering.

I den nye rettleiaren frå Kommunal- og distriktsdepartementet får kommunane tips og råd om kva ein må passe på når ein datasenteraktør tar kontakt eller kommunen sjølv ønskjer å etablere eit datasenter.

– Rettleiaren vil gjere det enklare for kommunane å vurdere kva som er lurt å tenkje på når ein datasenteraktør ønskjer å etablere seg i kommunen. Mange kommunar har etterlyst ei slik sjekkliste, seier Gjelsvik.

Nokre kommunar har vore misfornøgd med datasenteretableringar. Fellesnemnaren er at etableringa har blitt seld inn som eit datasenter som skal gi mange arbeidsplassar, men har enda opp med kryptoutvinning og få eller ingen arbeidsplassar.

– Desse innspela tek vi på alvor. Vi trur at rettleiaren kan hindre dårlege prosessar. Dei ordinære datasentera i Noreg spelar ei viktig rolle for den digitale infrastrukturen, og bidrar til industriutvikling og innovasjon. Det er derfor viktig at det blir gjort ordentleg, seier Gjelsvik.


I rettleiaren blir det gitt åtte konkrete råd til kommunane:

  • Gjer ein bakgrunnssjekk av datasenteraktøren – inkludert eigarskap, rekneskap og forretningsmodell
  • Gjennomfør dei nødvendige planavklaringane
  • Still krav til utbyggjaren. Til dømes bør ein krevje gjenkjøpsavtaler slik at kommunen kan ta tilbake tomta dersom ho ikkje blir brukt til formålet
  • Sjekk om kommunen har ressursar til å støtte ei slik etablering
  • Sjekk om prosjektet er godt nok kvalitetssikra
  • Sjekk om kommunen drar nytte av etableringa innan eksisterande industri, til dømes ved bruk av restvarme eller fiberinfrastruktur
  • Sjekk kor mykje nettkapasitet som er tilgjengeleg regionalt og vurder dette opp mot andre planlagde etableringar
  • Ta kontakt med Innovasjon Noreg/Invest in Norway ved behov for ekstra bistand

Rettleiaren vil oppdaterast om rammene endrar seg.