Statsbudsjettet 2025
Vil gje barn og unge ein trygg digital oppvekst
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa føreslår å sette av sju millionar kroner til arbeidet med å beskytte barn og unge på digitale flater.
– Mange barn og unge har det bra på nett, men det er og risikoar ved dagens bruk. Regjeringa vil sikre barn og unge ein trygg oppvekst i det digitale samfunnet og at barn blir beskytta mot skadeleg bruk og innhald. Vi styrkar dette arbeidet i 2025, og foreslår å bevilge penger til å sikre betre råd og informasjon til barn, foreldre og vaksne som arbeider med barn, styrke arbeidet med ei strengare aldersgrense for sosiale media og finne løysningar for handheving av den. Samtidig må vi slå hardare ned på den ulovlege marknadsføringa som treff barn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Dei sju millionane som no løyvast, skal mellom anna nyttast til informasjonsarbeid og arbeid med aldersgrense for sosiale medium. Dei vil òg gå spesifikt til Datatilsynet, Forbrukartilsynet og stiftinga Barnevakten:
- 1,5 millionar kroner går til Datatilsynet for å styrke arbeidet med barn og aldersgrenser på sosiale medium.
- 2,5 millionar kroner går til Forbrukartilsynet for å intensivera arbeidet med å hindre og slå ned på ulovleg marknadsføring som treff barn.
- 500 000 kroner blir tildelte Barnevakten for å utarbeide og gjere tilgjengeleg informasjon om barn og sosiale medium til barn, foreldre og vaksne som jobbar med barn.
Undersøkingar frå Medietilsynet viser at halvparten av ni-åringane nytter sosiale medium. Eit fleirtal av dei som nytter desse mediene, har eigen brukar før dei fyller 13 år. Nettpatruljen til politiet har åtvara mot at unge blir utsett for skadeleg innhald og mobbing på nett.
– Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst. Vi må verne barna våre mot ekskludering, trakassering, kommersielt press og skadeleg innhald på nett. Det er eit felles ansvar for både styresmaktene, foreldra og teknologiselskapa, seier Toppe.