Revidert nasjonalbudsjett
Vil etablere pilotar for nærtenestesenter
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 10 millionar kroner til eit treårig pilotprosjekt for å utvikle lokale nærtenestesenter i eit utval kommunar i Distrikts-Noreg.
Målet er å gjere statlege publikumstenester meir tilgjengelege i ulike delar av landet. Staten vil invitere kommunar med etablerte servicetorg til eit samarbeid om utvikling av ulike modellar for nærtenestesenter, der statlege og kommunale publikumstenester blir samlokaliserte.
– På mange stader rundt om i landet har innbyggjarane dei siste åra fått lengre reiseveg til naudsynte tenester. Gjennom nærtenestesentera skal vi prøve ut nye løysingar, for å sikre eit betre tenestetilbod lokalt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Planen er at nærtenestesentra skal innehalde statlege tenester som krev personleg oppmøte. Tenester som er heildigitale, men som folk har behov for å få hjelp med, kan også vere ein del at eit nærtenestesenter.
I den første fasen skal ein identifisere kva statlege publikumstenester som kan inngå i eit lokalt nærtenestesenter. I den andre fasen av pilotarbeidet skal det prøvast ut i praksis. Kommunal- og distriktsdepartementet vil komme attende med meir informasjon og ei utlysing til interesserte kommunar. Målet er å velgje pilotkommunar i 2023.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00