Statsbudsjettet 2025:
Vil bruke over 770 millionar kroner for å få fleire i jobb
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa styrkjer innsatsen for å få fleire inn i arbeidslivet. Det skjer gjennom auka satsing på arbeidsmarknadstiltak og nye tilbod til unge. Målet er å få fleire i jobb og færre på trygd.
– Arbeidskrafta er den viktigaste ressursen vår. Den blir det stadig større kamp om, og skal vi hauste, må vi så. Derfor aukar vi investeringane i arbeidskrafta, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
I dag står rundt 620 000 personar utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa har sett seg ambisiøse mål om å auke sysselsettingsdelen for befolkninga i alderen 20-64 år til 82 prosent innan 2030, og vidare til 83 prosent innan 2035.
– Skal vi nå målet, treng vi aktive tiltak som set folk i stand til å jobbe. Arbeid handlar om verdigheit og fellesskap. Alle skal ha moglegheit til å bidra til samfunnet. Når fleire kjem i arbeid, styrkjer vi både det enkelte mennesket og det norske fellesskapet, seier Brenna.
Satsinga skal mellom anna gi fleire moglegheit til kvalifisering og verdifull arbeidserfaring. Dette er spesielt viktig for personar med nedsett arbeidsevne, ei gruppe som har auka sidan 2019. Mange i denne gruppa treng hjelp for å kome seg inn i arbeidslivet.
Fokus på unge: Nye tiltak for å inkludere dei mest sårbare
Regjeringa er bekymra for dei mange unge som står utanfor både arbeid og utdanning.
For å møte denne utfordringa, føreslår regjeringa å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for dei mest sårbare unge. I tillegg skal det etablerast eit forsøk med eit nytt arbeidsretta ungdomsprogram med inntektssikring, der nedsett helsetilstand ikkje er eit krav for å delta.
– Det er avgjerande å få unge utanfor arbeid og utdanning inn i arbeidslivet. Det gir dei moglegheit til å utvikle seg og finne sin plass i samfunnet. Når vi investerer i unge, investerer vi i framtida vår, seier Brenna.
500 fleire VTA-plassar neste år
Regjeringa vil også trappe opp bruken av varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) til personar som mottek uføretrygd eller som står i fare for å bli uføretrygda, og med behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging.
Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til VTA med 73,5 kroner. Det gir rom for rundt 500 nye plassar neste år.
Dei 500 nye plassane inkluderer både plassar i førehandsgodkjente verksemder (VTA-S), som er oppretta med tilrettelagt arbeid som hovudføremål og plassar i ordinære verksemder (VTO) som tilset VTA-deltakarar etter avtale med NAV.
Auken er i tråd med regjeringa sin fireårige opptrappingsplan for VTA. Der blir det tatt sikte på å auke talet på plassar med om lag 2 000.
– Ved å auke talet på plassar i varig tilrettelagt arbeid, sikrar vi at fleire får ein reell moglegheit til å utvikle seg, oppnå arbeidserfaring, og dermed bidra til eit meir inkluderande samfunn. Dette er viktig for å bygge eit samfunn der alle har noko å bidra med, og der ingen blir ståande utanfor, seier Brenna.
Regjeringa føreslår å:
- Auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i Nav, med 500 millionar kroner for å få fleire i jobb og færre på trygd.
- Etablere eit arbeidsretta ungdomsprogram med ny inntektssikring. Regjeringa vil starte forsøket hausten 2025 og føreslår 30 millionar kroner til ei ny løysing for saksbehandling.
- Styrke Jobbsjansen med 68 millionar kroner for å få fleire innvandrarkvinner i jobb.
- 17 millionar kroner til å utvikle fleire lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem.
- Auke driftsløyvinga til NAV med 75 millionar for å styrke den arbeidsretta oppfølginga på NAV-kontora.
- Auke løyvinga til varig tilrettelagt arbeid (VTA), inkludert personellressursar til Nav, med 73,5 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2024.
- Bruke 10 millionar kroner på å etablere eit digitalt kompetansetilbod retta mot ukrainarar i Noreg, for å betre bruken av kompetansen deira.