Vil beskytte barn mot marknadsføring av usunn mat og drikke
Nyheit | Dato: 22.08.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil forby marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge. Forslaget er ei oppfølging av Folkehelsemeldinga og Stortinget si behandling av denne, og blir no sendt på høyring.
– Vi er opptatt av at barn og unge skal ha god helse, og at det skal vere lett å ta gode val i kvardagen. I tillegg ønsker vi å redusere sosiale helseforskjellar, og dette forslaget er eit steg i rett retning som eg er glad over å legge fram, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Barn og unge opplev i dag eit sterkt press frå aktørar som vil tene pengar på dei, spesielt gjennom sosiale medier. Eg er djupt uroa over mange usunne produkt som blir løfta fram både av kommersielle aktørar og influensarar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Følger WHO sin standard
Forslaget følgjar Verdas helseorganisasjon (WHO) si anbefaling, og få land i verda har innført noko liknande.
– Dette er nybrottsarbeid, og viser at regjeringa tar folkehelse og barn og unge sine rettar på alvor. Det er nok eit døme på at Noreg er verdsleiande i folkehelsearbeid og sett standarden, påpeiker helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Om forslaget
- Forslaget inneber eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge under 18 år. Det inkluderer også plassering av slike produkt i samband med leiker.
- I dag har bransjen ei ordning med sjølvregulering for eit liknande reklameforbod administrert av Matbransjen sitt faglege utval (MFU), men denne gjeld i hovudsak berre barn opp til 13 år og evalueringar har vist at den ikkje fungerer tilfredsstillande.
- I tråd med ambisjonane i Folkehelsemeldinga, oppmoding frå Stortinget og anbefalingar frå Verdas helseorganisasjon, gjer regjeringa med dette det rettslege ansvaret for å handheve forbodet tydeleg.
- Ved brot på den føreslåtte forskrifta vil det mellom anna kunne bli ilagt eit gebyr.
Vestre vil ha innspel
– No tar vi ansvar overfor barn og unge, og eg oppmodar aktuelle aktørar til å kome med innspel til forslaget vi no har sendt ut på høyring, slik at vi får fram alle sider ved saka, seier Vestre.
– Målet er ei tydeleg forskrift som klargjer ansvaret og gir effektive moglegheiter for sanksjonar – til det beste for barn og unge.
Viktige innstrammingar
Forslaget til forskrift er i stor grad basert på retningslinene for bransjeordninga som eksisterer i dag, men med nokre viktige innstrammingar. Forskrifta vil beskytte alle barn opp til 18 år og brot på forbodet vil kunne få reelle sanksjonar i form av eit gebyr.
Forslaget gjeld ikkje kva produkt som kan bli selt eller korleis produkta blir utforma – berre korleis ein reklamerer for dei overfor barn.