TFO 2023 sendt på høyring:
Vidarefører ansvarleg og langsiktig forvalting av olje- og gassressursane
Pressemelding | Dato: 24.01.2023 | Sist oppdatert: 25.01.2023 | Energidepartementet
Olje- og energidepartementet har i dag sendt forslag til utlysing av av konsesjonsrunden TFO 2023 (tildeling i forhåndsdefinerte område) på offentleg høyring.
– Me treng stadig nye funn for å vidareutvikle norsk sokkel. I dag har eg difor sett i gang den årlege konsesjonsrunden der me tilbyr leiteområde til oljeselskapa. Forslaget til utlysing som er sendt på høyring omfattar å leggje til 92 blokker i nord til TFO-området. Det å leggje til rette for nye funn i nord er viktig både for Europa, landet og landsdelen, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Med forslaget vil ytterlegare areal i Norskehavet og Barentshavet bli inkludert i TFO-området. Departementet vil gjennomføre TFO 2023 i tråd med vanleg tidsplan. Det vil seie utlysing med søknadsfrist i 3. kvartal 2023 og tildeling i januar 2024.
Det har vore leiteaktivitet i fleire tiår i størstedelen av opne, tilgjengelege leiteareal på norsk sokkel. Dei mest kjente områda på kontinentalsokkelen er omfatta av TFO-rundane. TFO-området omfattar i dag difor størstedelen av Nordsjøen, Norskehavet og ein stor del av Barentshavet sør.
– Me skal vidareføre den ansvarlege og langsiktige forvaltinga av olje- og gassressursane. Det å vidareføre dei årlege konsesjonsrundane er eit hovudelement i dette og ein pilar i petroleumspolitikken vår, seier Aasland.
Alle konsesjonsrundar på norsk sokkel blir gjennomførte i areal som er opna for petroleumsverksemd og innafor dei arealrammene Stortinget har fastsett gjennom forvaltingsplanane for havområda. I høyringsrunden blir det difor kun bedt om innspel på om det har kome til ny, vesentleg informasjon som er relevant for avgjerda om kvar det kan vere petroleumsaktivitet i opna, tilgjengeleg areal i tida sidan Stortinget behandla dette spørsmålet sommaren 2020.
Bakgrunn
Tildeling i forhåndsdefinerte område (TFO) blei introdusert i 2003 for å leggje til rette for tidsriktig utforsking av dei geologisk mest kjente delane av sokkelen. I desse områda går den forventa storleiken på funn ned. Det blir i stor grad leita etter mindre funn som ikkje kan forsvare ei sjølvstendig utbygging, men som kan vere lønnsame når dei blir sett i samanheng med andre funn og/eller kan utnytte eksisterande eller planlagt infrastruktur. Tidsriktig utforsking av desse områda er difor viktig.
For å oppnå ei effektiv utforsking er det viktig med førehandskjende vilkår om kva område det er mogleg å søkje på i TFO, og jamt påfyll av nytt areal. Difor blir TFO-rundane gjennomført ein gong i året. Ved utlysing blir det gjort ei vurdering av om området som er omfatta av ordninga (TFO-området) skal utvidast. Det er petroleumsfaglege vurderingar som avgjer om nye område skal leggjast til TFO-området. Området blir utvida etter kvart som nye område blir utforska.
Petroleumsverksemda i Noreg skjer under strenge krav til helse, miljø og tryggleik. Det blir lagt stor vekt på å sikre god sameksistens med andre brukarar av havet.