Verdsarvbøndene i Undredal får den nasjonale kulturlandskapsprisen 2024
Nyheit | Dato: 28.08.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Seks gardsbruk får prisen for arbeidet med å ta vare på kulturlandskapet i verdsarvbygda Undredal i Sogn.
– Verdsarvbøndene har i fleire omgangar vore føreslegne som verdige mottakarar av den nasjonale kulturlandskapsprisen, i sterk konkurranse med andre kandidatar, seier statssekretær Wenche Karin Westberg.
Det er Norsk Kulturarv og Landbruks- og matdepartementet som kvart år samarbeider om å velja ut vinnaren av prisen.
Den vesle bygda Undredal i Aurland kommune har eit særprega bygningsmiljø med småe trehus som står tett i tett, den minste stavkyrkja i landet og eit rikt biologisk mangfald som slåtte- og beitemarker. Ho er også ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som er innskriven på verdsarvlista til UNESCO.
– Geitehald og ysting er hovuddriftsformene i bygda, og det er tilpassa landskapet.
Dei bratte jorda i dalen blir også både beita og slegne kvart år.
– Eg har registrert at det er stor oppslutnad her om verdsarvmidlane i jordbruksavtalen, og at dei har den effekten me ønsker. Allereie i 2008 blei ordninga etablert. Ho skulle bidra til å styrka landbruket, mellom anna for å oppretthalda verdiane i verdsarvområdet, seier Westberg.
Westberg fortel også at midlane som legg til rette for å oppretthalda unike jordbruklandskap blei auka i år.
– Eg tenker spesielt på dette når me i år skal legga fram ei stortingsmelding om korleis Noreg følgjer opp den globale naturmangfaldlova, der landbruket òg har ei viktig rolle.
– Å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket med verdifulle miljøkvalitetar, krev målretta innsats i generasjonar og over lang tid, seier Westberg.
Vinnaren av kulturlandskapsprisen får 50.000 kroner og eit grafisk blad i tresnitt utført av Hans Normann Dahl. Prisen blei utdelt for fyrste gong i 2007.
Prismottakarane er gardane Vetlereina v/ Bernat Alarcon Underdal og Maria Alarcon Underdal, Reina gard v/Atle Underdal Borlaug og Anna Elise Borlaug, Nigarden v/Trude Høiby Underdal og Tormod Underdal, Turi-Per-garden v/ Erna Underdal og Sigbjørn Skarsbø, Hjellum gard v/ Nils Hjellum og Hjødlo gard v/ Jannicke Hjellum.