Utviklingsministeren deltek på årsmøtet i Verdsbanken 23.–24. oktober
Pressemelding | Dato: 16.10.2024 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Verdsbankens årsmøte i Washington D.C. 23.–24. oktober.
Hovudtemaet for Verdsbankens årsmøte er «Delivering with ambition. Gender, Agriculture, and Food Security». Med dette løftar Verdsbanken fram to tema som Noreg gjennom ei årrekkje har kjempa for å setje på dagsorden i utviklingspolitikken – likestilling og mat.
Utviklingsministeren vil bruke møtet til å fremje støtte til mattryggleik og klimasmart jordbruk, støtte ei sterk påfylling av Verdsbankens fond for dei 75 fattigaste landa (IDA), ha dialog om norsk støtte til Ukraina gjennom banken, og framheve støtte til Verdsbanken og Afrikabanken sitt felles arbeid med eit krafttak for energitilgang i Afrika (Mission 300), samt potensialet for samarbeid gjennom den nye statlege garantiordninga.
Utviklingsministeren vil vere tilgjengeleg for kommentarar til norsk presse.
Pressekontakt Helene Sandbu Ryeng (med på reisa): Helene.sandbu.ryeng@mfa.no +47 99406730
Presseakkreditering til Verdsbanken skjer på nettstaden til Verdsbanken. Akkreditering skjer fortløpande.