Utval skal granske utanlandsadopsjonar
Nyheit | Dato: 20.06.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa har i dag oppnemnt utvalet som skal granske utanlandsadopsjonar. Professor Camilla Bernt frå Universitetet i Bergen skal leie arbeidet.
- Regjeringa tek på stort alvor at fleire adopterte har stått fram og fortalt om svært alvorlege forhold i sine adopsjonar. Granskinga blir omfattande og skal omhandle alle land som Norge har hatt adopsjonssamarbeid med. Eg forventar at granskinga vil gi grundige og gode svar. Det er spesielt viktig for dei adopterte og deira familiar. Eg vil ha fram i lyset kva som har skjedd, og om systemet for utanlandsadopsjon har vore forsvarleg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Utgangspunktet for granskinga er opplysningar som har kome fram i andre land og opplysningar i media om svært alvorlege forhold i utanlandsadopsjonar frå enkeltland til Norge. Det overordna føremålet er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.
Får frist på 2 år
Frist for utvalet er inntil 2 år frå oppstart, og utvalet skal levere ein eller fleire delrapportar om tilhøva i enkeltland eller andre tema som er eigna. Det skal òg setjast ned ei referansegruppe for utvalet.
- Vi har fått på plass eit godt samansett utval med fem svært kompetente personar. Dei har ein god kombinasjon av fagkompetanse og erfaring for å løyse den viktige oppgåva med å granske internasjonale adopsjonar. Det vil også bli sett ned ei referansegruppe, seier Toppe.
Utvalet kjem til å sjå nærmare på regelverk og praksis i adopsjonar til Noreg. Dei skal også sjå på om omsynet til rettstryggleik og menneskerettslege forpliktingar, irekna barnets beste, har vore ivaretatt.
Har prioritert midlar til etteradopsjonstiltak
I arbeidet med gransking er regjeringa også oppteken av å sikre oppfølginga av adopterte, spesielt dei som søker hjelp og ønsker fleire svar. Regjeringa har derfor prioritert midlar til etteradopsjonstiltak i 2023.
- I august vil ei kompetanseteneste for adopterte og familiane deira vere i drift, og frå september skal ei teneste for bistand til søk etter biologisk opphav vere på plass.
Om utvalet
Utvalet skal leiast av professor Camilla Bernt, frå Det juridiske fakultet ved Universitet i Bergen. Utvalet har elles desse medlemane:
- Torunn Elise Kvisberg, lagdommar, Lillehammer
- Rudolf Christoffersen, statsadvokat, Bergen/Haag
- Anne Balke Staver, forskar ved NIBR, OsloMet –storbyuniversitetet, Oslo
- Ketil Eide, professor i sosiologi ved Universitetet i Sørøst-Norge, Porsgrunn
Camilla Bernt, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen
Bernt er jurist, og tok doktorgrad om bruk av mekling. Hennar fagområde er sivilprosess, barnerett og god forvaltningsskikk. Ho leiar forskargruppa for sivilprosess og konfliktløysing ved Universitetet i Bergen. Ho jobbar særleg med prosessrettslege spørsmål i barnelovsaker og barnevernsaker. Kompetansen hennar om god forvaltningsskikk vil vere særleg relevant som leiar for dette utvalet, sidan utvalet særleg skal sjå på korleis adopsjonar har vore praktisert, og kva system som har eksistert for kontroll og tilsyn med utanlandsadopsjonar. Ho var sekretær for Fylkesnemndsutvalet, som la fram NOU 2005: 9 Ressursbruk og rettssikkerhet i fylkesnemndene for sosiale saker.
Torunn Kvisberg, lagdommar i Eidsivating lagmannsrett
Kvisberg er jurist, og skreiv doktorgrad innan barnerett, med temaet internasjonale barnefordelingssaker og internasjonal barnebortføring. Ho har tidlegare vore professor ved Høgskolen i Innlandet og tingrettsdommar i Sør-Gudbrandsdal tingrett, samt jobba i Justisdepartementets lovavdeling. Ho har sete i Adopsjonslovutvalet (NOU 2014: 9), Barnelovutvalet (NOU 2020: 14) og Straffeprosessutvalet (NOU 2016: 24). Kvisberg har vore kontaktdomar i Noreg for barnebortføringssaker, og del av Haagkonferansens nettverk for domarar i barnebortføringssaker. Kvisberg deltok vidare som ekspert frå Noreg i Haagkonferansens arbeid med Guide to Good Practice om Haagkonvensjonen 1980 om barnebortføring.
Rudolf Christoffersen, statsadvokat ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete
Christoffersen er utdanna sjukepleiar og jurist. Han har tilleggsutdanning i fleirkulturell forståing. Han har vore Noregs representant i GRETA, Europarådets aksjonsgruppe mot menneskehandel. Christoffersen har aktorert ei rekkje menneskehandelssaker, og er ein mykje nytta føredragshaldar om menneskehandel både i Noreg og i utlandet. Han sit i Lovutvalet om negativ sosial kontroll, som skal greie ut juridiske problemstillingar i saker som gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald. Christoffersen har arbeidd i Eurojust European Union Agency for Criminal Justice Cooperation i Haag 2015-2017. Frå 1. september og tre år framover skal han vere UD sin spesialutsending som sambandsstatsadvokat i Eurojust i Haag.
Anne Balke Staver, forskar ved NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet
Staver er statsvitar, med doktorgrad frå University of Toronto innanfor samanliknande offentleg politikk. Doktorgrada hennar undersøkte utviklinga av strengare reglar for familieinnvandring i Danmark, Noreg og Storbritannia. Staver forskar på inntektskrav i innvandrings- og integreringspolitikken frå 1980-talet og framover, og dessutan europeisk asylpolitikk og mottak av flyktningar, og underviser i internasjonal migrasjon og migrasjonspolitikk. Ho er spesielt interessert i forholdet mellom menneskerettar, kunnskap og politikk, og korleis dette får utslag i politikkendring over tid. Staver har arbeidserfaring frå UDI og Politiets utlendingseining, og dessutan sekretariatet for Intergovernmental Consultations on Migration, Asylum and Refugees (IGC) i Genève.
Ketil Eide, professor ved fakultet for helse- og sosialvitskap, Universitetet i Sørøst-Norge
Eide er sosiolog og har ein ph.d. innan fagområdet internasjonal migrasjon og etniske relasjonar, med tittelen «Tvetydige barn. Om barnemigranter i et historisk komparativt perspektiv». Her samanlikna han korleis innvandringspolitikken har utvikla seg over tid, og korleis Noreg tok imot einslege mindreårige migrantar; med ei utvikling frå frivilligheit til eit byråkratisk og gjennomregulert system. Eide er aktiv forskar både i nasjonale, nordiske og europeiske forskingsprosjekt om barndom og oppvekst, migrasjon, psykisk helse, og barnevern. Eide er også utdanna sosialarbeidar.
In english:
Committee will Investigate Foreign Adoptions (PDF)
Read the complete mandate here (PDF)