Utsett frist for overflatespreiing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Uvêr og flaum som har råka Austlandet i august har gjort stor skade, og har også blokkert for naudsynt innhausting og gjødsling.

– Vi har no innført mellombelse reglar som opnar for overflatespreiing av gjødsel fram til 1. oktober, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

På delar av Austlandet var det mange bønder som ikkje rakk vanleg slått før flaum og nedbør, og har difor vore forhindra frå påfølgjande gjødselspreiing. Ettersom det framleis er våte tilhøve, samstundes som førstelått var dårleg på grunn av tørke, vil det for mange vere rett å vente med ny slått til ut i september. Dette i håp om tørrare tilhøve, og at bøndene får berga litt større avlingar.

Flom i kornåker.
Flom i kornåker. Foto: Torbjørn Tandberg

Frigjer lager

Ordinær spreiefrist for overflatespreiing av gjødsel er 1. september. Mange bønder har teke kontakt med styresmaktene om å få forlengt frist i den ekstraordinære situasjonen, noko som også er naudsynt for å frigjere lager til innefôringssesongen.

Landbruks- og matdepartementet har no fastset ein forlenga frist for slik spreiing utan nedmolding i dei råka områda i Innlandet, Oslo og Viken. Det opnar for at bønder i desse fylka kan vente litt med innhaustinga for deretter å spreie gjødsel i september.

– Når marka tørkar opp og gardbrukarane får berga avlingar, kan dei deretter kome utpå med gjødsla på ein lageleg måte. Vi oppmodar samstundes å unngå å spreie nær vatn, vassdrag og oversvømde areal i den grad det no tørkar opp, seier Pollestad.