Utnemnd som direktør for Finanstilsynet
Pressemelding | Nr: 20/2023 | Dato: 14.04.2023 | Finansdepartementet
Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.
Per Mathis Kongsrud (54) er i statsråd i dag utnemnd som direktør for Finanstilsynet for ein periode på seks år.
Kongsrud kjem frå stillinga som leiar av avdeling for digitalisering og analyse i Finanstilsynet.
Han har brei erfaring frå statsforvaltninga og har mellom anna vore avdelingsdirektør i økonomiavdelinga i Finansdepartementet. Frå 2002-2005 var han tilsett i OECD i Paris.
Kongsrud er utdanna sosialøkonom frå Universitetet i Oslo.
Han tiltrer stillinga på det tidspunkt departementet bestemmer.