Statsbudsjettet 2023

Utanlandske studentar skal betale for å studere i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa må prioritere hardare i statsbudsjettet for 2023 og føreslår å innføre studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EØS og Sveits.

Noreg er eit av få land i verda kor alle internasjonale studentar frem til no har sloppe å betale studieavgift. 

–  Norske studentar må i dei aller fleste tilfelle betale studieavgift for å studere i utlandet. Det er ingen grunn til at det skal vere annleis her. Noreg skal framleis vere ope for studentar frå alle land, men vi meiner det er rett og rimeleg at dei også betaler for seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Forslaget inneber at universiteta og høgskulane skal krevje studieavgift frå studentar utanfor EØS-området og Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Avgifta skal minimum dekkje kostnadane til utdanningsinstitusjonen og vil gjelde for nye studentar.

Høgare utdanning skal framleis vere gratis for norske studentar og andre EØS-borgarar.

– Det er eit prinsipp som ligg fast og som det ikkje er aktuelt å rokke ved, seier Borten Moe.

Vil at god kvalitet skal lokke studentar

Noreg har over mange år brukt milliardar av kroner på å auke kvaliteten i utdanningane.

–  Universiteta og høgskolane våre bør derfor vere godt rusta til å rekruttere internasjonale studentar fordi kvaliteten på utdanninga er god, og ikkje fordi ho er gratis. Eg trur også ei studieavgift vil gi oss meir motiverte internasjonale studentar, seier Borten Moe.

Samstundes er det sannsynleg at det kjem færre studentar utanfrå og det vil frigi både studieplassar og studentbustadar.

– I ei tid kor det er mange som ønskjer å ta høgare utdanning, er det rett å prioritere norske studentar, seier Borten Moe.

Behov for fleire inntektskjelder

Noreg bruker store summar på høgare utdanning og forsking. I budsjettet for 2023 er det mellom anna foreslått 42,8 milliardar kroner i rammeløyving til universiteta og høgskulane.

– Verda er i ei større krise enn på lenge og dette legg ekstremt press på statsbudsjetta. Noreg er ikkje eit unntak. Vi skal framleis bruke mykje pengar på høgare utdanning og forsking. Nivået skal vere høgt, men universiteta og høgskulane må også sjå seg om etter andre måtar å få inntekter på, seier Borten Moe.

Dersom institusjonane klarar å rekruttere fleire utanlandsstudentar enn anslått, vil det bety fleire inntekter og dermed kan dei auke utdanningskapasiteten i Noreg enno meir.

Gjeld ikkje utvekslingsstudentar

Studieavgifta vil gjelde dei som tar heile utdanninga i Norge. På same måte som norske utvekslingsstudentar kan ta delar av utdanninga gratis i mange land, skal utvekslingsstudentane som kjem til Noreg også sleppe å betale.

– Vi ønsker at det skal kome fleire internasjonale studentar til Noreg på utvekslingsavtalar, og derfor skjermar vi desse studentane. Hovudprioriteringa for studentmobilitet skal vere på utvekslingsstudentar, seier Borten Moe.

Universiteta og høgskulane skal krevje minst kostnadsdekkeande studieavgift.

Departementet har grovt anslått den til 74,4 mill. kroner i 2023 og 297,7 mill. kroner frå og med 2025. Det trekker departementet frå løyvinga. Institusjonane får behalde differansen mellom dei inntektene dei får som følgje av studieavgifta dei skal krevje inn og det departementet trekkjer ut. Slik vil det vere mogleg for institusjonane å auke inntektene sine.

Summen av budsjettinnsparinga og frigjering av utdanningskapasitet for Noreg og EØS-søkarar er grovt anslått til om lag 1,2 milliardar kroner.

Innføringa av studieavgift er i tråd med utviklinga i Norden og Europa elles, og vil bidra til å auke kapasiteten for studentar frå Noreg og EØS-området i ei tid med stort press på studiekapasiteten.

De ti landa utanfor EØS og Sveits som det kjem flest heilgradsstudentar frå, til Norge:

Kina

834

Iran

650

USA

434

Pakistan

525

India

514

Russland

273

Syria

623

Bangladesh

274

Nepal

501

Filippinene

322

Kjelde: Tala er SSB-tal for 2020, publiserte i tilstandsrapporten for høgare utdanning 2021.