Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 42
Pressemelding | Dato: 11.10.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
Onsdag 16. oktober
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter Gavi (vaksinealliansen) sin nye administrerande direktør, Sania Nishtar. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Onsdag 16. oktober
Statssekretær Maria Varteressian møter Storbritannia sin Europaminister, Stephen Doughty, i Tromsø for bilaterale møte. Ho skal òg halde foredraget «Noreg og EU – framleis noko å snakke om?» for studentar på UiT. Stad: Tromsø, Troms.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 17. oktober–19. oktober
Statssekretær Maria Varteressian deltek på konferansen «The Arctic Circle Assembly 2024». Stad: Reykjavik, Island.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Onsdag 16. oktober–17. oktober
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på ein konferanse om minerydding i Ukraina. Møtet finn stad i Lausanne, Sveits. Han skal òg delta på eit seminar i Bern om tryggingspolitikk.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Onsdag 16. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med opposisjonspartiet «Bangladesh National Party» (BNP). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 17. oktober
Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Norfund, saman med statssekretær Bjørg Sandkjær.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 14. oktober–16. oktober
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på det årlige møtet i FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sin eksekutivkomité (Ex Com). Stad: Genève, Sveits.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 17. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på Digni sitt styremøte. Stad: Arbinsgate, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 18 oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på lanseringa av UN Women sin rapport «The Gender Snapshot 2024». Stad: Litteraturhuset, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.