Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 41
Pressemelding | Dato: 04.10.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 41, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 7. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades under framlegginga av statsbudsjettet. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 13.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i eit møte med kronprinsen av Abu Dhabi, H.H. Sheikh Khaled bin Mohamed bin Zayed al-Nahyan. Stad: Oslo.
Kl. 18.30: Utanriksminister Espen Barth Eide held eit foredrag i Oslo militære samfund.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 8. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter leiaren for den belarusiske demokratibevegelsen, Svjatlana Tsikhanowskaja. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter Muslimsk dialognettverk. Stad: Muslimsk dialognettverk sitt kontor.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 11. oktober
Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel. Han skal delta på eit møte med EU om fisk.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
Måndag 7. oktober
Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på «Hamburg Sustainability Conference». Stad: Hamburg, Tyskland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 10. oktober
Kl. 18.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek i ei mottaking for Cindy McCain, administrerande direktør i Verdens matvareprogram (WFP), i staten sin representasjonsbustad. Stad: Parkveien 45, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 11. oktober
Kl. 12.45: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter Aki Nishio, visepresident for utviklingsfinansiering i Verdsbanken. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 7. oktober
Statssekretær Maria Varteressian møter den tyske europaministeren, Anna Lührmann. Dei har fleire møte igjennom dagen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Tysdag 8. oktober
Kl. 11.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit møte med Stortinget sin Asiadelegasjon til generalforsamlinga i ASEAN. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 10. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på «Internasjonal Frokost» om kva som kom ut av FN sitt framtidstoppmøte, skipa til av FN sambandet. Stad: Deichmanske bibliotek, Tøyen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 10.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter leiaren for FN sitt matvareprogram, Cindy McCain.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 11. oktober
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter dagleg leiar av den Paris-baserte meklingsinstitusjonen Promediation, Eric Blanchot. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 7. oktober
Kl. 19.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein debatt om «utviklingspolitikk i en polarisert verden» i regi av Det Norske Misjonsselskap og Askim menighet. Stad: Askim prestegård, Indre Østfold.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 10. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter JM Norway for å drøfte unge og internasjonalt arbeid. Stad: UD.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 11. oktober
Kl. 8.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg under frukostseminaret «Mobilizing resources to fight hunger and poverty: IDA’s role in Norwegian aid», arrangert av tankesmia Langsikt og Norad. Stad: Norad, Bygdøy alle 2, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.