Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 38
Pressemelding | Dato: 13.09.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 38, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 16. september
Kl. 12.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med det mosaiske trussamfunn. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Søndag 21.–27. september
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på generalforsamlinga i FN (UNGA). Stad: New York, USA.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
Måndag 16. september
Kl. 09.40: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek i dybdesamtale om plastavtalen under ein plastavtale-frukost i regi av WWF. Stad: SALT Art & Music, Langkaia, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 17. september
Kl. 12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på ein lunsj ved den japanske ambassadøren sin residens.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 16.–20. september
Statssekretær Maria Varteressian reiser til Vest-Balkan. Ho skal ha politiske møte i Montenegro, Albania og Nord-Makedonia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 16. september
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på generalkonferansen til Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA). Stad: Wien, Austerrike.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 17. september
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på «Moldova Partnership Platform». Stad: Chisinau, Moldova.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 20. september
Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med EU-komiteen frå den tyske Forbundsdagen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 16. september
Kl. 14.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på opninga av ei fotoutstilling om Genèvekonvensjonane i regi av Røde Kors. Stad: Nobels fredssenter.
Onsdag 18. september
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på lanseringa av Scatecs solenergiprosjekt i Tunisia. Kravik skal òg gjennomføre bilaterale konsultasjonar med tunisiske styresmakter. Stad: Tunis, Tunisia.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Onsdag 18. september
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på Nordisk utviklingsministermøte i Stockholm, Sverige.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 20. september
Kl. 09.40: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg med temaet «Internasjonalt samarbeid i helse: Ny strategi for Afrika» under Alrek helsedager 2024 i Bergen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.