Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 43
Pressemelding | Dato: 21.10.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 24. oktober
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på den offisielle opninga av Lutelandet vindkraftverk på Korssundet i Fjaler kommune i Vestland fylke. Vindkraftverket består av ni turbinar som til saman skal produsere ny, fornybar energi til om lag 9000 husstandar. Les meir om vindkraftverket her. Statsråden vil vere tilgjengeleg for presse om lag kl. 13.15. Han skal også opp i ein av vindturbinane.
Pressekontakter er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
Tysdag 25. oktober
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Fellesforbundet i Telemark og Østre Agder. Tema for møtet er industriutvikling og krafttilgang.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med ein interpellasjon om tilgang på rimeleg og stabil kraft.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 15.15: Olje- og energiminister Terje Aasland møter statsminister Mark Brown frå Cook Islands. Tema for møtet er mineralutvinning på havbotnen.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 26. oktober
Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 27. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er vertskap når EUs energikommissær Kadri Simson besøkjer Noreg.
Oppdatering pr. 26. oktober: Programmet er justert. På grunn av usikre vêrmeldingar utgår besøket til Vinje og Brevik om ettermiddagen. I staden blir det program i Oslo.
Kl. 09.30: Aasland og Simson opnar EUs årlege konferanse om fangst, utnytting og lagring av CO2, «CCUS Forum», som i år vert arrangert i Oslo. Meir om konferansen her.
Kl. 10.30: Aasland og Simson møtest til energidialogmøte, der dei skal diskutere aktuelle saker på energiområdet. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 10.00. Ta med pressekort og gyldig ID.
Kl. 12.00: Aasland og Simson har pressekonferanse der dei oppsummerer energidialogmøtet. Pressekonferansen går føre i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID.
Kl. 12.50: Aasland og Simson besøkjer Hafslund Oslo Celsio sitt avfallsanlegg på Klemetsrud i Oslo, der dei får ein presentasjon av CO2-fangstanlegget som er under bygging. Heidelberg Cement Group vil også fortelje om CO2-fangstprosjeket på sementfabrikken til Norcem i Brevik.
Presse som ønskjer å vere til stades kan kontakte Truls Jemtland, telefon 92 02 94 80, e-post truls.jemtland@celsio.no. Stad: Klemetsrudveien 1, Oslo.
Kl. 16.30: Aasland og Simson besøkjer Statkraft, der dei får ei orientering om selskapets verksemd. Det er mogleg å fotografere ved oppstarten av møtet.
Presse som ønskjer å vere til stades kan kontakte Mie Holmås i Statkraft, telefon 98 03 17 14, e-post mie.holmas@statkraft.com. Stad: Lilleakerveien 6A, Lysaker.
Kl. 13.30: Aasland og Simson besøkjer Vinje kraftverk i Vinje kommune i Vestfold og Telemark fylke. UTGÅR.
Kl. 15.30: Aasland og Simson besøkjer sementprodusenten Norcem i Brevik, der dei får ei orientering om det pågåande arbeidet med CO2-fangst. UTGÅR.
Pressekontaktar for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.
Kl. 20.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane, på Slottet.