Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 45
Pressemelding | Dato: 01.11.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 4. november
Energiminister Terje Aasland besøkjer Ullensvang kommune, der han får orienteringar om skadeomfanget etter ekstremvêret Jakob. Programmet startar med eit orienteringsmøte med kommunen på Trolltunga Hotel kl. 12. Adresse: Vasstun 1, Odda. Det blir deretter befaring ved Eitrheimselva og på Lofthus. Pressa kan delta på heile programmet, men må sørge for eigen transport.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no.
Tysdag 5. november
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på ein konferanse om straumnettets rolle i elektrifiseringa av samfunnet. Stad: Radisson Blu Royal Garden Hotel, Trondheim.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 6. november
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 7. november
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på rådsmøte i KonKraft. Møtet går føre seg hjå Rederiforbundet i Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 13. november
Energiminister Terje Aasland deltek på Rebuild Ukraine-konferansen i Warszawa i Polen, der gjenoppbygging av energisystemet i Ukraina er eit sentralt tema.
Presse som ønskjer å dekke konferansen kan akkreditere seg her.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.