Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 44

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 28. oktober

Energiminister Terje Aasland og landbruks- og matminister Geir Pollestad besøkjer Nord-Østerdalen, der dei skal møte ordførarar, reindriftsnæringa og grunneigarar. Bakgrunnen for besøket er NIBIOs tilråding om Håmmålsfjellet-Sålekinna som tilleggsareal for vinterbeite til dei to siidaene i Fosen reinbeitedistrikt. Sjå eigen presseinvitasjon.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.

 

Tysdag 29. oktober

Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland deltek på Havvindkonferansen 2024. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.

Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland er i Harstad, der han deltek på politisk toppmøte om offshore- og industriutvikling. Møtet er arrangert av Harstad kommune, Offshore Norge og KonKraft, og går føre seg på Quality Hotel Harstad. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Onsdag 30. oktober

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Havindustritilsynet sin toppleiarkonferanse i Stavanger. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Fredag 1. november

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk Industri. Tema for møtet er opprinnelsesgarantiar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer seniornettverket i Vestfold Ap, der han skal snakke om norsk energipolitikk. Møtet går føre seg på Stokke bygdetun i Stokke.