Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 43

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 21. oktober
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Fornybar Norge, Distriktsenergi, Samfunnsbedriftene og fleire nettselskap. Tema for møtet er arbeidet med raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no

 

Tysdag 22. oktober
Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk e-Fuel. Tema for møtet er planane om å byggje ein fabrikk for syntetisk drivstoff i Mosjøen. Stad: Akershusstranda 19, Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 16:30: Energiminister Terje Aasland har møte med Arne Røksund og Árni Páll Árnason i ESAs kollegium. Tema for møtet er blant anna CO2-handtering og havvind. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på fylkesstyremøte i Akershus Ap.

 

Onsdag 23. oktober
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18:30: Energiminister Terje Aasland har møte med sin danske kollega Lars Aagaard. Møtet går føre seg i København. Tema for møtet er blant anna karbonfangst og -lagring, havvind og hydrogen, og status for utviklinga i Noreg og Danmark. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 19:00: Energiminister Terje Aasland deltek på ein middag i samband med ministermøtet i Nordsjøsamarbeidet (NSEC). NSEC er ein sentral arena for utvikling av havvind i Nordsjøen. Stad: København. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 24. oktober
Kl. 11:00: Energiminister Terje Aasland deltek på Zerokonferansen. Konferansen går føre seg på The Hub i Oslo. Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Skogholt, telefon 45 43 93 49, e-post ingrid.skogholt@ed.dep.no.

 

Fredag 25. oktober
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Thailands nye ambassadør til Noreg, Nitivadee Manitkul. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Sylvie Bermann, som leier World Nuclear Exhibition 2025. Bermann er på besøk i dei nordiske landa for å få betre kjennskap til debatten om kjernekraft. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.