Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 42

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 14. oktober

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Arbeidarpartiet sitt gruppeseminar på Sørmarka.

 

Tysdag 15. oktober

Kl. 09:30: Energiminister Terje Aasland deltek på opninga i Vianodes nye produksjonsanlegg på Herøya. Vianode er eit norsk teknologiselskap som spesialiserer seg på å utvikle og produsere avansert materiale for batteri, spesielt med fokus på grafittanodar. Presse som ønskjer å delta på opninga kan kontakte Caroline Schmailzl i Vianode, e-post caroline.schmailzl@vianode.com, telefon +49 151 43269784.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.

Kl. 14.15: Energiminister Terje Aasland deltek på lunsj på Slottet, i samband med at den finske presidenten er på statsbesøk til Noreg.

Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland deltek på fylkesstyremøte i Telemark Ap.

 

Onsdag 16. oktober

Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 17. oktober

Kl 10:00: Energiminister Terje Aasland deltek på Norges Energidager 2024. Stad: Scandic Fornebu, Martin Linges vei 2. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.

 

Fredag 18. oktober

Energiminister Terje Aasland deltek på regionkonferanse for Telemark i regi av LO i Vestfold og Telemark. Konferansen går føre seg på Straand Hotel i Vrådal. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.