Presseinformasjon:
Utanriksminister Espen Barth Eide til Rio de Janeiro for G20-møte
Pressemelding | Dato: 19.01.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide vil besøkje Rio de Janeiro 21. og 22. februar for å delta på årets første ministermøtet i G20, der Noreg har ei gjestelandsrolle.
Under opphaldet vil utanriksministeren delta i diskusjonar med G20-medlemmane om global stabilitet og geopolitiske utfordringar. Besøket gir moglegheiter for bilaterale samtalar med utanriksministrar frå andre G20-land, og dessutan høve til møte med norske næringslivsaktørar i Brasil.
Presse må akkreditere seg. For meir informasjon, ta kontakt med pressekontakt: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, +47 99 09 35 38 (med på reisa).