Revidert nasjonalbudsjett

Undersøker om det er mogleg å heve kvikksølvet

Regjeringa vil hente opp så mykje som mogleg av kvikksølvet frå ubåtvraket U-864 utanfor Fedje. Etter opphentinga skal ubåtvraket og den forureina sjøbotnen dekkjast til.

– Vi følgjer opp ekspertane sine tilrådingar for handtering av kvikksølvet frå U-864. Det vil seie at vi først vil undersøke om delar av kvikksølvlasten kan hentast opp, og deretter heve mest mogleg av kvikksølvet. Til slutt vil vi dekkje til vraket og området rundt. Med dette skal regjeringa sørge for ei varig og berekraftig løysing i saka, som har gått føre seg i over 20 år, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Ekspertutvalet som har vurdert vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, framheva at det har vore ei teknologisk utvikling sidan denne saka starta. Dei framheva vidare at samfunnet si merksemd på berekraft og berekraftig utvikling har auka betydeleg. Forventningar til varig handtering av forureining i kretsløpet er og endra. Utvalet tilrådde ein trinnvis prosess for vidare handtering av ubåtvraket. Dette inneber å undersøke kor mykje av kvikksølvlasten som kan hentast opp, så heving av mest mogleg av kvikksølvet, dersom det lar seg gjere, og deretter tildekking av vraket og forureina sjøbotn. Regjeringa har ikkje foreslått å setje av midlar til undersøkinga i 2024, sidan det ikkje vil vere aktuelt å gjennomføre konkrete tiltak før i 2025.

– Ideelt sett skulle vraket og alt kvikksølvet ha vorte fjerna. Som ekspertutvalet og andre tidlegare undersøkingar har peikt på, vil ein slik operasjon dessverre auke risikoen for spreiing av kvikksølvet. Vi vil difor ikkje vil gå vidare med å heve ubåtvraket, seier Næss.

Undersøking i 2025

I første omgang vil regjeringa gi Kystverket i oppdrag å undersøke om det er mogleg å hente opp delar av kvikksølvlasten. Kystverket vil planlegge og førebu ei slik undersøking og anskaffe naudsynt ekstern bistand hausten 2024. Dette vil dei gjere innanfor eksisterande budsjettrammer. Sjølve undersøkinga vil etter planen bli gjennomført i løpet av første halvdel av 2025.

Fakta: Ubåtvraket U-864

Den tyske ubåten U-864 vart senka av den britiske ubåten HMS "Venturer" 9. februar 1945. Alle om bord omkom. Ubåten var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med personell med teknisk spesialkompetanse og materiell til den japanske krigsindustrien. Det blir antatt at det var lasta ca. 67 tonn metallisk kvikksølv i stålbehaldarar i kjølhuset til ubåten. Det er ikkje funne dokument som kan stadfeste mengda. Vraket vart funne av Sjøforsvaret i februar 2003. Det ligg på 150 meters djup, 4 km vest for Fedje i Vestland. Vraket er delt i to store seksjonar, ein baugseksjon og ein akterseksjon. Eit område på 47 000 m2 rundt vraket er kvikksølvforureina.

Les meir om saka: Vraket av ubåten U-864 - regjeringen.no