UD sender team til Tel Aviv
Nyheit | Dato: 11.10.2023 | Utanriksdepartementet
Eit eige utrykkingsteam frå UD følgjer med i flyet som i dag flyg til flyplassen Ben Gurion i Tel Aviv, for å hjelpe til med å frakte norske statsborgarar heim.
Noreg set opp eit fly som kan hjelpe til med å frakte norske og nordiske borgarar heim frå Tel Aviv. UDs utrykkingsteam (URE) følgjer dette flyet, og teamet består av to utsende frå UD, og dessutan ein lege frå Oslo universitetssjukehus.
Utrykkingsteamet vil møte dei norske borgarane på flyplassen Ben Gurion, og følgje dei tilbake til Noreg. Teamet vil hjelpe til med dei behova dei reisande måtte ha. Både praktiske og helsemessige. Teamet har òg med nødpass i tilfelle det vil vere nødvendig for nokre av dei reisande.