Statsbudsjettet 2025
Storsatsing på fagskulane: tusen nye studieplassar
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa fortsett satsinga på fagskulane: I neste års budsjett vil ho løyve 60,8 millionar kroner til 1 000 nye studieplassar ved fagskulane. I tillegg vil regjeringa bruke 25 millionar kroner til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring, samt etablere eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar.
– Fagskulane spelar ei nøkkelrolle i det norske samfunnet. Dei leverer kompetanse som næringslivet etterspør, og dei gir folk i heile Noreg moglegheit til å kvalifisere seg til eit arbeidsliv i stadig endring. Denne regjeringa har prioritert fagskulane høgt, og denne storsatsinga fortsett: Vi styrker kapasiteten kraftig, med tusen nye studieplassar. Vi opprettar eit studentombod, som har vore ei viktig kampsak for fagskulestudentane. Og vi set av betydelege midlar for å sikre fagleg kvalitet i utdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Prioriterer helse- og velferdsfag, tekniske fag, grønt skifte og ordninga Industrifagskulen
Sidan regjeringa tiltredde, har ho tildelt midlar til totalt 1 000 nye studieplassar. No blir kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning styrka med ytterlegare 1 000 studieplassar. I fordelinga av dei nye studieplassane skal fylkeskommunane prioritere tekniske fag, helse- og velferdsfag og fag som er særleg viktige for det grøne skiftet.
Som ei oppfølging av frontfagsoppgjeret i 2024, foreslår regjeringa at 100 av dei nye studieplassane skal gå til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen.
3 millionar kroner til nasjonalt studentombod
Regjeringa vil bruke 3 millionar kroner på å etablere eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar frå 1. august 2025. Dette har regjeringa sagt i Hurdalsplattformen og det har vore eit viktig krav frå fagskulestudentane. Eit nasjonalt studentombod vil bidra til at alle fagskulestudentane får det same tilbodet om råd og hjelp i spørsmål som gjeld studiesituasjonen.
12,5 millionar kroner til NOKUT
Dei siste åra har det vore ein stor auke i talet på søknadar til NOKUT om akkreditering av fagskuleutdanningar. Det har ført til kø og lange ventetidar. For mellom anna å bidra til raskare sakshandsaming, foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til NOKUT med 12,5 millionar kroner til arbeid med tilsyn og akkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning.
25 millionar kroner til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring
Regjeringa foreslår 25 millionar kroner som Noregs forskingsråd kan lyse ut til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring. Dette vil på sikt bidra til å auke kvaliteten i dei yrkesfaglege utdanningane.