Svar på spørsmål om bruk av norske våpen i Gaza
Svar til Stortinget | Dato: 21.11.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eides svar på eit spørsmål frå Lan Marie Nguyen Berg (MDG) om regjeringa vil stramme inn kriteria for eksport av våpen for å sikre at militært materiell produsert norske bedrifter ikkje kan bli eksportert til Israel.
Skriftleg spørsmål nr. 376 (2023-2024)
Datert 10.11.2023
Frå representanten Lan Marie Nguyen Berg (MDG)
Våpen produsert av Kongsberg Gruppen på Raufoss i Norge og/eller på Nammos fabrikk i USA kan ha blitt brukt i Israels krigføring på Gazastripen. Vil regjeringen stramme inn kriteriene for eksportlisenser for våpen for å sikre at verken våpen, våpendeler eller annet militært materiell produsert i Norge eller av norskeide bedrifter kan bli eksportert til Israel?
Svaret frå utanriksministeren
Sivilbefolkninga i Israel og Gaza har opplevd ufatteleg liding. Eg er djupt bekymra for dei alvorlege menneskelege konsekvensane av den pågåande krigen. Noreg held fram med å presse internasjonalt for at sivile blir verna og at det blir gitt uhindra tilgang til humanitær hjelp.
Noreg har eit strengt eksportkontrollregelverk. Slik skal det halde fram med å vere. Vi eksporterer ikkje forsvarsmateriell til Israel, heller ikkje fleirbruksvarer til militær sluttbruk.
Eksport av våpen og anna militært materiell er gjenstand for kvart enkelt lands nasjonale lov- og regelverk. Amerikanske varer produsert av norskeigde bedrifter i USA er underlagt amerikansk eksportkontrollregelverk. På same måte er utanlandskeigde bedrifter i Noreg underlagt norsk eksportkontroll.
Norsk forsvarsmateriell er ofte sett saman av delar og komponentar frå ulike utanlandske leverandørar, der eksport av det ferdige produktet blir regulert av norsk eksportkontrollregelverk.
Utanriksdepartementets retningslinjer for behandling av søknader om eksport av forsvarsmateriell ligg til grunn for behandling av alle søknader om eksport av forsvarsmateriell. Her heiter det mellom anna at ved delleveransar under samarbeidsavtalar med bedrifter eller styresmakter i andre land, skal eksportlisens givast når avtalen er godkjend av norske styresmakter.