Svar på skriftleg spørsmål om norsk korn
Svar til Stortinget | Dato: 10.04.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 1638
Vår referanse:
24/745-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson (MDG) - Norsk korn som kan vere god mat for folk går til fôr til dyr på grunn av mølle- og bakeindustriens krav.
Svar på spm nr 1638 frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson – Norsk korn som kan vere god mat for folk går til fôr til dyr på grunn av mølle- og bakeindustriens krav.
Eg viser til brev av 29. mars 2024 med spørsmål til skriftleg svar frå representanten Rasmus Hansson:
«Mye norsk korn som kan være god mat for folk går til dyrefôr på grunn av mølle- og bakeindustriens krav til blant annet proteininnhold. Hva gjør statsråden for at mer fullt spiselig norskprodusert korn skal gå til mat for folk?»
Regjeringa har nett lagt fram ei eiga melding til Stortinget med strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer. Hovudstrategien regjeringa legg til grunn for auka sjølvforsyning er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, på en måte som styrkar jordbruket si konkurransekraft mot import, slik at etterspurnaden etter norske jordbruksvarer aukar.
Eg meiner strategien peikar ut den vegen vi må gå for å auke sjølvforsyninga. Skal vi auke sjølvforsyninga må vi lykkast med å produsere norske matvarer som folk vil ha. Da nyttar det ikkje å redusere krava til kvalitet. Det beste ein kan gjere for å auke sjølvforsyninga er tvert om å produsere eit mangfaldig tilfang av matvarer av ein kvalitet og ein pris som forbrukarane etterspør. Bonden må få seld varene hen produserer. Da krevst det god samhandling gjennom verdikjeda frå bonden, vidare til matindustrien og handelsleddet til forbrukaren. Forutsetninga for å lykkast er at bonden får dei rette signala frå forbrukaren, og ikkje at politikarar skal gripe inn og styre krava til kvalitet i ein bransje.
Fram til for om lag 50 år sidan var tett på alt brød vi åt her til lands baka med mjøl frå importert korn. Etter ei bevisst satsing på forsking, sortsutvikling og dyrkingsteknikk for å få fram sortar med både gode bake- og dyrkingseigenskapar, har vi i gode år opp mot 80 prosent norske råvarer i norsk kveitemjøl. Ein samla korn-, mjøl- og bakeribransje har gjennom «Partnerskapet for norsk matkorn og planteprotein» samla seg om å ta dette eit steg vidare, og har sett ein ambisjon om at målet bør vere på 90 prosent. Eg har hatt møte med representantar for Partnerskapet, og dei er svært tydelege på at vegen å gå for å auke bruken av norsk matkorn er å gjerne norsk matkorndyrking meir marknadsretta. Eg meiner at vi heller skal bygge opp under strategiane og stimulere dei offensive tankane deira, heller enn å leggje på dei krav om å nytte råvare av kvalitet som ikkje vert etterspurd.
Husdyrproduksjon er ein svært viktig del av norsk matproduksjon, sjølvforsyning og beredskap. At korn vert nytta til fôr er verken mindreverdig eller svinn. Regjeringa har i strategien for auka sjølvforsyning sett høge mål for å auke delen norskproduserte råvarer i kraftfôret. Skal ein lukkast med dette må kornproduksjonen aukast og det må produserast kvalitetar som kan nyttast i fôret. Særleg vil det vere trong for meir kveite. Fordi matkornavlingane varierer sterkt mellom år på grunn av ver- og veksttilhøve, vil det faktisk vere slik at ein viss overproduksjon av matkorn i eit normalår vil være eit godt bidrag for å oppretthalde tilgangen på norsk matkorn i sesongar med dårlege avlingar. Høg norsk kveiteproduksjon er dermed eit kinderegg for auka norsk sjølvforsyning. Da meiner eg at det må aksepterast at ein i år med god avling for matkveite nyttar noko kveite av matkvalitet til fôr. Høg norsk sjølvforsyning av husdyrprodukt og høg norsk sjølvforsyning av fôr gjev i tillegg eit potensial for å leggje om kosthaldet i ein krisesituasjon. Saman med stor tilgang av fisk og sjømat er derfor norsk sjølvforsyningsevne stor.
Med helsing
Geir Pollestad