Svar på skriftleg spørsmål om Naturskadeordninga
Svar til Stortinget | Dato: 11.06.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 2214
Vår referanse:
24/1216-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Morten Wold (FrP) om Naturskadeordninga.
Svar på spørsmål nr. 2214 til skriftleg svar om endring av Naturskadeordninga frå stortingsrepresentant Morten Wold
Eg viser til spørsmål nr. 2214 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Morten Wold:
«Vil statsråden sørge for at Naturskadeordningen endres slik at det kan betales ut a-konto beløp til reiselivsnæringsbedrifter som ble rammet av uværet «Hans» inntil sakene er endelig ferdigbehandlet i Landbruksdirektoratet?»
Etter uvêret «Hans» fekk Landbruksdirektoratet inn rundt 2 000 søknader om naturskadeerstatning, noko som er ein unormal stor pågang av saker. Omkring halvparten av desse er no handsama.
Utgangspunktet i naturskadesaker er at skadebot vert utbetala når skadelidaren kan dokumentera at oppretting har skjedd. Det fylgjer av naturskadeerstatningslova § 14 fyrste ledd fyrste punktum. Skadebot kan og verte utbetala på forskot etter at det er fatta vedtak om skadebot, jf. naturskadeerstatningslova § 14 andre ledd og naturskadeerstatningsforskrifta § 16 fyrste ledd. Regelverket opnar ikkje for at skadebot kan verte betala ut a-konto før Landbruksdirektoratet har fatta vedtak i saka.
Det ligg ikkje føre planar om å endra naturskadeerstatningslova.
Med helsing
Geir Pollestad