Svar på skriftleg spørsmål om å forhindre at konsesjonsloven blir utvatna
Svar til Stortinget | Dato: 29.02.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.nr. 1321
Vår referanse:
24/453-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) - Kva vil statsråden gjere for å forhindre at konsesjonslova blir utvatna.
Svar på spørsmål nr. 1321 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes
Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:
«Hva vil statsråden gjøre for å forhindre at konsesjonsloven blir utvannet ved at kapitalsterke investorer kan kjøpe gårdsbruk med formål om utleie av bolighus og jord?»
Spørsmålet gjeld kva for eigartilhøve og kva for bruksstruktur det er ønskjeleg å ha i landet. Det har samanheng med både lokale omsyn og interesser og nasjonale mål. Det er difor kommunane som avgjer konsesjonssaker.
Eg er opptatt av at ressursane i landbruket blir haldne i hevd, og blir verande lokalt og nasjonalt eigde. Familielandbruket med eit personleg eigarskap til jorda bidreg til livskraftige lokalsamfunn og livskraftige distrikt.
Departementet har ved forskriftsendring 7. juli 2023 flytta avgjerdskompetansen frå kommunane til Statsforvaltaren i saker der søkjaren er eit selskap med avgrensa ansvar (mellom anna AS). Eg vurderer dessutan å senda på høyring forslag til nye innstramingar i konsesjonslova.
Med helsing
Geir Pollestad