Statsbudsjettet 2025
Styrkjer tiltak i nord
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2025 enkelte særskilde tiltak i Nord-Noreg, og Finnmark spesielt, som følgje av kvotenedgang og utfordringar i fiskeria.
– Regjeringa ser alvorleg på situasjonen som mange lokalsamfunn i Finnmark står i. Vi har difor eit særskilt fokus på tiltak som kan kome til nytte lokalt og som legg grunnlag for vidare utvikling, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Regjeringa foreslår mellom anna å løyve 17 millionar kroner til kommunale næringsfond til kommunar i Finnmark med stor fiskeriverksemd. Pengane kan nyttast av kommunane til å støtte næringslivet lokalt med tilskot til investeringar, prosjekt og gründarar. Regjeringa vil òg nytte midlar gjennom ordninga Arktis 2030 til å utvikle sjømatindustrien i regionen, gjennom støtte til innovasjons- og utviklingsprosjekt i fiskerinæringa.
– Fleire kommunar i Finnmark vil ha behov for langsiktig utviklingsarbeid. Vi foreslår difor òg å løyve ekstra midlar til nye omstillingsprogram i kommunar med særleg stor nedgang i sysselsetting og folketal, seier Sande.
I tillegg foreslår regjeringa 17 millionar kroner til eit nytt tilskot til etablering og tilpassing av bustader i kommunar i Finnmark med bygdevekstavtale. Dette omfattar Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby, Tana, Nordkapp, Porsanger, Lebesby, Gamvik, Hammerfest, Hasvik og Måsøy. Ordninga skal forvaltast av Husbanken, og bidra til å stimulere til auka bustadetablering i lite fungerande bustadmarknader i distriktsområde. Dette er område som er prega av ein einsidig og eldre bustadmasse, låg omsetning og lite nybygging.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no