Statsbudsjettet 2024:

Styrkjer beredskapen og matproduksjonen i heile Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Løyvinga til bøndene over statsbudsjett blir auka med 2,9 milliardar kroner. – Klimatiltak i landbruket - foreslår 84 millionar kroner meir til Bionova. – Etablerer beredskapslager for matkorn- foreslår ei løyving på 63 millionar kroner. – Styrkjer importvernet og går over til prosenttoll på fleire grønt-produkt.

Dette er nokre av hovudpunkta i forslag til statsbudsjett frå Landbruks- og matdepartementet, som no blir fremja for Stortinget.

– Budsjettet er eit tydeleg bidrag for å styrkje matproduksjonen og beredskapen i Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp). 

– Krig, ustabile forsyningar av mat og energi og store klima- og miljøutfordringar, pregar kvardagen til millionar av menneske verda over. Meir enn nokon gong er det tydeleg, også i det relativt rolege hjørne av verda vi bur i, at eit aktivt jordbruk, og ein berekraftig matproduksjon, er grunnleggjande for at me skal skape ei trygg framtid, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Auke i inntekt

Staten og jordbruket er samde om ein auke i moglegheitene for meir inntekt for landbruket på 23 prosent, eller vel 110.000 kroner per årsverk, frå 2023 før oppgjer til 2024. Avtalen bidreg til å kompensere for auka kostnader, og legg opp til å redusere avstanden til andre grupper med 60.000 kroner.

Avtalen partane er samde om har ei økonomisk ramme på 4,15 milliardar kroner, der finansieringa over statsbudsjettet utgjer 2,9 milliardar kroner.

– Regjeringa prioriterer norsk matproduksjon høgt. Det er viktig for landet, og bidreg til norsk mattryggleik. Regjeringa har også i år prioritert å auke budsjettet, framfor å auke prisane. Det er viktig for konkurransekrafta til norsk matproduksjon, og for å dempe presset på forbrukarprisane på mat. Hovudprioriteringane er økonomi i mjølkeproduksjon, klima- og miljøtiltak, unge bønder og landbruk i Nord-Noreg, seier Geir Pollestad.

Beredskapslager

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 63,4 millionar kroner for å byggje opp eit beredskapslager av matkorn. Dette skal skje gradvis med 15 000 tonn korn i året, slik at me innan 2029 har eit beredskapslager tilsvarande tre månaders forbruk av matkorn. Dette er i tråd med det regjeringa varsla i Hurdalsplattforma.

– Den norske mattryggleiken er god. Den blir ivareteken gjennom nasjonal produksjon, handel og ivaretaking av produksjonsgrunnlaget. Oppbygging av eit beredskapslager av matkorn handlar difor om å vere førebudd på det utenkjelege - ein ekstra tryggleik å ha om det skulle oppstå store forstyrringar i dei internasjonale handelssystema kombinert med svikt i den nasjonale produksjonen, seier Pollestad.

Klimasatsing

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Bionova med 83,7 millionar kroner til 171,2 millionar kroner, samanlikna med saldert budsjett 2023. Bionova skal vere eit verktøy for å bidra til klimatiltak i jordbruket på gardsnivå, og bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi. Løyvinga må mellom anna sjåast i samanheng med auka avgifter for veksthusnæringa, og behov for å leggje til rette for omstillingstiltak òg i denne næringa.

– Bionova bidreg til å halda oppe tempoet i klimaarbeidet i landbruket, og å styrkje omstillinga til ein meir sirkulær bioøkonomi. Bionova kan òg byggje opp under verdikjeder og arbeidet innan fôr, gjødsel, gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon, seier Pollestad.

Importvernet

Regjeringa foreslår ein overgang frå kronetoll til prosenttoll for heil issalat, kålrot, raudbetar og knollselleri. Regjeringa vil vurdere ein overgang for andre produkt seinare. Overgangen skal ta vare på avsetning av norsk vare, og bidra til å halde oppe norsk produksjon og sjølvforsyningsgrad. Omlegginga skal gjelda frå 1. januar 2024.

– Tollvernet er svakt for viktige grøntprodukt. Det krev at me no brukar handlingsrommet i WTO-avtalen for å verne norsk produksjon, og betre konkurransekrafta og sjølvforsyningsgrada.  Omlegginga styrkjer avsetningsgrunnlaget, og kan gje auka inntekter for norske bønder på lengre sikt, seier landbruks- og matministeren.

Andre endringar:

Reindrift: Regjeringa vart samd med Norske Reindriftsamers Landsforbund om ein reindriftsavtale for 2023/2024. Avtalen som tredde i kraft 1. juli 2023, gir ei betydeleg styrking av rammevilkåra for næringa med økonomiske tiltak på 200 millionar kroner, og bidreg til å vidareutvikle ei berekraftig reindrift. Hovudprioriteringane er direkte tilskot, varetaking av areala til reindrifta, klimatilpassing, beredskap i reindrifta og tilleggsnæringar.

Mattilsynet: Mattilsynet er ein viktig beredskapsorganisasjon, og fleire hendingar i den siste tida har sett denne beredskapen på prøve. Dyrevelferd er eit viktig område der det er mange utfordringar som krev oppfølging av Mattilsynet.

Regjeringa styrkjer derfor Mattilsynets budsjett med 10 millionar kroner til utvikling av tilsynet og styrking av beredskap.

Landbruksdirektoratet: Landbruket står ovanfor store utfordringar i åra som kjem med klimaendringar, press på arealressursane og større usikkerheit i den internasjonale handelen. Regjeringa skal ta vare på behovet til reindrifta for tilstrekkelege areal, samtidig som det blir lagt til rette for utvikling av areal til energi, industri og andre formål. Dette stiller òg høgare krav til forvaltninga. Difor meiner regjeringa at Landbruksdirektoratet må styrkjast med 10 millionar kroner. 

Straumstøtte: Straumstøtteordninga sikrar føreseielege rammevilkår og er eit viktig tiltak som bidreg til at bønder no kan planleggje for matproduksjonen i ei tid med stor uvisse.

Straumstøtteordninga for jordbruk, veksthus og vatningslag blir vidareført med utrekningsmetoden vi har i dag, men innslagspunktet blir prisjustert frå 70 til 73 øre som for hushaldsordninga.

Nibio-Svanhovd: Det skal på fleire område arbeidast for ein ny giv i nordområdepolitikken. Regjeringa foreslår for 2024 mellom anna å vidareføre løyvinga på 3 millionar kroner i RNB 2023 til NIBIO si eining i Pasvik. Formålet er å halde oppe og styrkje sysselsetjing og FoU-aktivitet i Aust-Finnmark.

Økologisk landbruk: Regjeringa vil stimulere til auka produksjon og omsetning av økologisk mat. Regjeringa gjer framlegg om å løyve 9,7 millionar kroner i tilskot til Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK).  Det er ei styrking på over 3 millionar kroner. NORSØK bidreg med kunnskap for eit meir berekraftig samfunn. Stiftinga har grunnleggjande og avansert forskingskompetanse og arbeider med rådgjeving og formidling av kunnskap om økologisk landbruk.

Stemneveterinær: Hestesporten er i ein utfordrande økonomisk situasjon. Regjeringa gjer difor framlegg om at gebyret knytt til stemneveterinær blir avvikla frå 1.1 2024.

Bildemontasje til statsbudsjettet 2024
Foto: Anagram Design AS