Statsbudsjettet 2025:
Styrkjer innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa styrkjer innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, inkludert tvangsekteskap, kjønnslemlesting og ufrivillige utanlandsopphald. Pengane vil mellom anna gå til fleire mangfaldsrådgivarar.
– Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er alvorlege samfunnsproblem som rammar både barn og vaksne, og som hindrar likestilling, deltaking og integrering i samfunnet. Det er fortsatt slik at mange i Noreg kjempar for retten til å leve frie liv. Ein fridom dei fleste av oss tar som ein sjølvfølge. Den fridomen skal alle ha i Noreg. Vi som bur og veks opp her, skal vere sjefar i eigne liv, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Regjeringa føreslår å løyve 10,5 millionar kroner for å styrkje det viktige arbeidet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald ytterlegare.
Fleire av dei særskilde tenestene mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald rapporterer om ei auke i talet på saker. Mange av sakene er samansette og ofte svært alvorlege. Det er òg grunn til å tru at det er store mørketal.
– Vi føreslår mellom anna å auke talet på mangfaldsrådgivarar på skular og vaksenopplæringssenter for å gi hjelp og rettleiing til fleire utsette. Med den føreslegne styrkinga vil det vere 69 mangfaldsrådgivarar på tvers av landet. Mangfaldsrådgjevarar er eit viktig lågterskeltilbod som bidrar til å forebygge uønska kontroll, seier Brenna.
Regjeringa føreslår at midlane blir fordelte slik:
- 4 millionar kroner til mangfaldsrådgivarordninga, til fire nye stillingar.
- 3,5 millionar kroner til det nasjonale bu- og støttetilbodet til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
- 2,5 millionar kroner til det nasjonale, tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
- 500 000 kroner i tilskudd til dei fem regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) og deira arbeid med kompetanseheving til ansatte i tenesteapparatet.
Med auken som no er foreslått har regjeringa styrka dei særskilde tenestene mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med til saman 23,7 millionar kroner i løpet av regjeringsperioden.
Mangfaldsrådgivarordninga er styrka med ti årsverk. Vidare er Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald styrka med om lag fire nye årsverk. I tillegg har den faglege breidda i Kompetanseteamet blitt utvida med to nye representantar frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet.
Regjeringa har også styrka og utvida det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med til saman 8,5 millionar kroner. Dette har gitt fleire plassar i det ordinære tilbodet, samt fire nye plassar i ei pilotordning for personar som returnerer frå ufrivillige utenlandsopphold og som tidlegare ikkje har møtt kriteria for opphald i det ordinære butilbodet.