Revidert nasjonalbudsjett
Styrker sikkerheitspsykiatrien med 100 millionar kroner
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner ekstra for å styrke kapasiteten ved sikkerheitspsykiatriske avdelingar i sjukehusa.
Forslaget kjem fordi talet på dømte til psykisk helsevern har auka sterkt dei seinare åra.
Mange av desse menneska treng utgreiing og behandling i sikkerheitspsykiatriske avdelingar. Fleire stader er det for låg kapasitet.
Tenestene har betydelege utfordringar med å vareta samfunnsvernet og pasientbehandlinga, utan at det går utover andre pasientar med alvorlege psykiske lidingar.
Betre kapasitet og oppfølging
– Vi foreslår 100 millionar kroner til tiltak som kan bidra til styrka kapasitet ved sikkerheitspsykiatriske avdelingar i sjukehusa og oppfølging av utskrivingsklare pasientar innanfor sikkerheitspsykiatri, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Dette er noko av det mest målretta vi kan gjere for å førebygge alvorlege valdshendingar.
Støre-regjeringa har prioritert dei med alvorlege psykiske lidingar høgt. I opptrappingsplanen for psykisk helse er oppfølging av dei med store og samansette behov eitt av tre innsatsområde.
Overordna plan
Regjeringa ga i 2022 dei regionale helseføretaka i oppdrag å lage ein overordna plan for sikkerheitspsykiatrien og tiltak for dømte til tvungent psykisk helsevern. Denne blei levert i 2023, og helseregionane har fått i oppdrag å følge opp planen i 2024.
Fleire nye sikkerheitspsykiatriske bygg er under arbeid eller nyleg ferdige. Regjeringa har prioritert å auke kapasiteten for døgnplassar generelt. Det er også ei føring på auka ressursbruk innan psykisk helse.
I 2023 og 2024 har det blitt løyva totalt 260 millionar kroner til å styrke døgntilbodet innan psykisk helsevern, med særleg vekt på barn og unge og dei med alvorlege lidingar.
Fakta om sikkerheitspsykiatri
- Ved utgangen av 2023 var 368 personar under gjennomføring av ein dom til tvungent psykisk helsevern.
- I perioden 2017–2023 har det vore ei auke på 26 dommar i året.
- Mange av dommane er av lang varigheit.
- Analysar viser at talet på domfelte vil halde fram å auke i åra som kjem.