Statsbudsjettet 2025

Styrker satsinga på kvinnehelse

Regjeringa har så langt styrka spissa kvinnehelsetiltak med om lag 150 millionar kroner. I forslaget til statsbudsjett for 2025 foreslår regjeringa 13 millionar kroner til å følge opp den nye kvinnehelsestrategien.

Regjeringa prioriterer kvinnehelse for å sikre likeverdige helsetenester og har arbeida målretta og systematisk for å styrke kvinner si helse. Det er nødvendig med openheit og kunnskap om kvinnehelse og betre utgreiing, behandling og oppfølging av kvinnehelse i helsetenesta.

– Regjeringa vil styrke arbeidet med kvinnehelse for å sikre likeverdige tenester! Derfor har vi nettopp lagt fram ein kvinnehelsestrategi – og vi foreslår allereie no 13 millionar kroner for å følge den opp, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Regjeringa sin kvinnehelsestrategi har tre mål og 18 tiltak. Dei tre måla er:

  • God kvinnehelse heile livet. For at det skal lykkast, er det heilt avgjerande at vi aukar kunnskapen og kompetansen om dei sjukdommane og tilstandane som særleg rammar jenter og kvinner.
  • Likeverdige helse- og omsorgstenester og utjamning av sosiale helseforskjellar. Kjønnsperspektivet innan helse og omsorg må bli betre integrert i alle ledd, og i alle delar av vår felles helse- og omsorgsteneste. I tillegg er utjamning av sosiale helseforskjellar eit gjennomgåande tema i strategien. Meir kunnskap og betre informasjon til kvinner, inkludert minoritetskvinner, er særleg viktig for regjeringa.
  • Betre kvalitet gjennom auka kunnskap om kvinner si helse. Kunnskap om kvinner si helse må nå fram til tenestene og bli tatt i bruk. Vi skal innarbeide kjønnsperspektivet i nye nasjonale tilrådingar, pasientforløp og i førebygging, utgreiing og behandling.

  • Fleirkulturell doula – Regjeringa foreslår å styrke løyvinga på 2,4 millionar kroner for å vidareutvikle ordninga med fødselshjelparar til gravide med innvandrarbakgrunn.
  • Ammehjelpen (ammehjelpen.no) – Regjeringa foreslår å styrke driftstilskotet med 600 000 kroner
  • Kompetanse om kvinnehelse og betre informasjon:
    • Styrkinga av Nasjonalt senter for kvinnehelseforskning (oslo-universitetssykehus.no) blir vidareført med 3 millionar kroner i 2025. Løyvinga skal vidareføre etablering av digital portal for formidling av kunnskap om kvinnehelse og auke forsking på helsa til gravide minoritetskvinner.
    • Arbeidet med å oppdatere noverande og gi ny kjønnsspesifikk informasjon på helsenorge.no blir vidareført og styrka med 2 millionar kroner.
    • Greie ut treffsikre tiltak for å heve minoritetskvinner si helsekompetanse med 2 millionar kroner.
    • Gratis helseteneste for kvinner som ønsker å snakke med nokon om abort og graviditet. Regjeringa foreslår å styrke driftstilskotet til Stiftelsen Amathea (amathea.no) med 3 millionar kroner.

Kvinnehelsestrategien viser ei oversikt over særskilde løyvingar med relevans for kvinnehelse.

Vidareførte budsjettmessige satsingar:

  • Strategisk satsing på kvinnehelseforskning i Norges forskningsråd: 20 millionar kroner
  • Nasjonalt senter for kvinnehelseforskning: 15,4 millionar kroner

Regjeringa har prioritert følgande satsingar over Helse- og omsorgsdepartementet sine budsjett i denne regjeringsperioden. Desse midla kjem i tillegg til finansiering av ordinære helse- og omsorgstenester til kvinner:

Frå 2022:

  • NIPT for gravide over 35 år og andre med indikasjon for fosterdiagnostikk: innført i alle helseregionar i 2021 og blir dekka innanfor løyvinga til regionale helseføretak
  • Tidleg ultralydundersøking for alle gravide: 25,6 millionar kroner
  • Heimemetest for livmorhalskreft: 29 millionar kroner
  • Fleirkulturell doula: 2 millionar kroner
  • Styrking av kommunane sine rammetilskot til styrking og utvikling av helsestasjon- og skulehelsetenesten med 40 millionar kroner. Styrking av det øyremerka tilskotet til helsestasjon- og skulehelsetenesten med 45 millionar kroner. Kommunar som har jordmødre i delte stillingar blir prioritert innanfor det øyremerka tilskotet.
  • 15 millionar kroner til eit nasjonalt kompetansemiljø for helsestasjon- og skulehelsetenesten.
  • 200 nye utdanningsstillingar for spesialsjukepleiarar og jordmødre: 64 millionar kroner. Satsinga fortsette i 2023 med løyvingar til oppstart av 200 nye stillingar. Samla ble det løyva 224 millionar kroner til formålet i 2023, som er vidareført i 2024.

Frå 2023:

  • Pasienttilpassa basistilskot til fastlegar (pasientar med forventa høgare bruk av fastlegetenester løyser ut høgare basistilskot, mellom anna kvinner i fertil alder): 720 millionar kroner
  • Elektronisk helsekort for gravide: 26 millionar kroner
  • Nasjonal kompetansetjeneste for endometriose og adenomyose: 4 millionar kroner
  • Oppheva den nedre aldersgrensa på 16 år for bidrag til prevensjon: 7 millionar kroner
  • Nasjonal forsterka fellesskapsavdeling ved Skien fengsel 15 millionar kroner (i tillegg til løyving over Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett)

Frå 2024:

  • Kikhostevaksinasjon til gravide: 17 millionar kroner

Kvinner bruker fastlegar meir enn menn og lever i større grad enn menn med ulike sjukdommar som til dømes plager og sjukdommar i muskel- og skjelettsystemet. Vidare har kvinner høgare forventa levealder, og det er fleire kvinner enn menn blant mottakarar av kommunale helse- og omsorgstenester. Kvinner er også i større grad enn menn i kontakt med helsetenesten på grunn av psykiske plager og lidingar.

Fleire av satsingane under Helse- og omsorgsdepartementet sine ansvarsområde i statsbudsjettet som gjeld tenester (som fastlege eller omsorgstenesten) eller målgrupper, som personar med psykiske plager og lidingar, treffer derfor i stor grad kvinner. Til dømes la regjeringa i statsbudsjettet i 2024 fram følgande satsingar som i stor grad gir tenester til kvinner:

  • Bu trygt heime-reformen: 375 millionar kroner
  • Allmennlegetenester: 310 millionar kroner
  • Opptrappingsplan for psykisk helse, og førebygging- og behandlingsreform på rusfeltet: 250 millionar kroner. I tillegg blei det løyva 110 millionar kroner til døgntilbodet innan psykisk helsevern, med særleg vekt på barn og unge og dei med alvorlege lidingar.

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for budsjettåret 2024 vedtok Stortinget å løyve 5,3 millionar kroner til å oppdatere noverande og gi ny kjønnsspesifikk informasjon på helsenorge.no og å etablere ein digital kvinnehelseportal for formidling av kunnskap om kvinnehelse, slik Kvinnehelseutvalet hadde foreslått. Tildelinga er fordelt slik:

  • 300 000 kroner til helsenorge.no
  • 5 millionar kroner til digital kvinnehelseportal for formidling av kunnskap